Hopp til innhold

Gjøran håpa i det lengste, så kom nedturen

Etter ei rekkje sterke prestasjonar håpa Gjøran Tefre i det lengste å få verdscupdebuten i Lahti kommande helg. Tysdag brast draumen.

Gjøran Tefre under klassisk sprint på Lillehammer, desember 2016. Scandinavisk cup

RESERVE: Gjøran Tefre er reserve både til den klassiske verdscupsprinten i Drammen og skøytesprinten under verdscuprenna i Lahti. – Eg tenkjer ikkje så mykje på renna i Drammen, men føler eg kunne kjempa om ei topplassering om eg fekk sjansen i Lahti, seier Tefre.

Foto: Privat

– Det er utruleg kjedeleg og uforståeleg. Eg føler eg verkeleg har prestert nok til å få sjansen, seier ein tydeleg Gjøran Tefre.

– Bittert å ikkje få sjansen

Medan dei beste langrennsløparane i verda kjempa om edelt metall i OL, leverte førdeløparen bestetid i kvart- og semifinale under sprinten i Skandinavisk Cup i Trondheim. Etter eit uhell vart han til slutt nummer fire i Granåsen . For to veker sidan vann han sprinten under Norgescupen på Åsen.

Med desse resultata i hand, hadde førdeløparen håp om få grønt lys til verdscupsprinten i Lahti.

– Det er bittert når eg veit kor god form eg er i. Det hadde vore perfekt å fått ein tur ut i verda og få prøvd seg på ei litt større scene som ein verdscup er, seier 23-åringen.

Høgt toppnivå

Tefre har siste vekene tukta fleire av dei åtte som får sjansen i Finland. Med tanke på at OL nyleg er avslutta, håpa førdeløparen at løparar utanfor landslaget fekk prøve seg.

– I skøytesprint er toppnivået mitt nær dei beste i verda. Eg føler eg kunne kjempa om ei topplassering om eg hadde fått sjansen, seier han.

Det har ikkje lukkast NRK å få kommentarar frå landslagsleiinga ved Vidar Løfshus eller Tor-Arne Hetland.

Krummar nakken

Tefre har fått melding om at landslagsleiinga ynskjer å prioritere landslagsløparar til verdscuprenna i Lahti. Tefre blir reserve både der og i Drammen 7. mars.

– Eg skal framleis stå opp tidleg om morgonen, ete havregraut og gjere jobben slik at eg er best mogleg budd om det blir forfall og eg får sjansen, seier han.

– Ein kan vere samd og usamd i uttaket, men eg må berre akseptere det, krumme nakken og jobbe vidare mot neste sjanse. For dei blir det fleire av, seier Tefre og likevel vedgår at motivasjonen fekk seg ein knekk.

Siktar seg inn mot VM

– Men så får ein summa seg og motivert seg til å rett og slett vise dei at eg er komen for å bli at det ikkje er siste gang eg er aktuell, seier han. Og neste sesong blir i skøytesprintens teikn. Noko som passar Tefre bra.

– Eg har trena mykje skøytesprint sidan i fjor vår og neste år blir det mykje skøytesprint, mellom anna under VM i Seefeld. Eg kjenner revansjelysta byrjar å brygge i meg allereie, seier han.

– Så Gjøran Tefre skal til VM?

– Gjøran Tefre skal i alle fall gjere det han kan for å komme til VM.