Hopp til innhold

Gjøa-anlegget er framleis stengt etter gasslekkasje

Gassen er fjerna frå røyra i plattformen vest for Florø, men grunnen til at lekkasjen oppstod er framleis ukjent.

Gjøa

INGEN SKADDE: 49 personar vart igjen på plattformen, som no er tom for gass og trygg å vere på.

Foto: Martin Lindland/Statoil / Martin Lindland

I går kveld melde TV2 at 19 personar måtte forlate plattformen i livbåtar og helikopter, på grunn av ein gasslekkasje.

Lekkasjen vart oppdaga litt over klokka 20, og produksjonen vart raskt stengt ned.

– Det er rutine at mannskapet mønstrar ved livbåtane i slike situasjonar. Dei 19 evakuerte er ein del av mannskapet som ikkje treng å vere på plattformen, seier kommunikasjonssjef Liv Jannie Omdal i Engie E&P Norge til NRK.

Frakta til Florø

Dei evakuerte vart sende til eit mottak i Florø. Omdal seier at dei der kan få hjelp til å bearbeide hendinga.

Utblåsning ved Gjøa-plattformen sett frå Steinfjellet i Bremanger.

UTBLÅSNING: Frå TV-sendaren på Steinfjellet i Bremanger fotograferte Svenn-Petter Kjerpeset utblåsninga ved Gjøa-plattforma.

Foto: Svenn-Petter Kjerpeset

– Det er viktig å ta hand om dei som blei sendt tilbake. Folk kan oppleve det som ubehageleg eller skummelt.

– Ikkje farleg å vere på plattformen no

– Alt fungerer som det skal på plattformen no. Personellet har normalisert situasjonen, seier Omdal til NRK torsdag morgon.

Dei neste dagane skal dei leite etter det som forårsaka lekkasjen. Produksjonen startar ikkje opp igjen før denne er funne.