Hopp til innhold

Countryfestivalen på Breim får knutepunktstatus

Countryfestivalen på Breim får knutepunktstatus. Det er fyrste gong ein countryfestival får tildelt ein slik tittel.

Nils R. Sandal og Anniken Huidtfeldt

GLADE: Nils R. Sandal tok imot den gledelege beskjeden frå kulturminister Anniken Huitfeldt.

Foto: Knut M. Olsen

Totalt var det tre festivalar som kjempa om statusen som gjev statsstøtte.

Dagleg leiar for Norsk Country Treff på Breim, Ingemar Sårheim, er svært lukkeleg.

– Det er utruleg gledeleg både for Norsk Country treff som organisasjon og ikkje minst for heile countrynorge at ein countryfestival får slik status, seier Sårheim.

Statsstøtte

Vassendgutane på countryfestivalen på Breim

FESTIVAL: Her er Vassendgutane i aksjon under countryfestivalen på Breim.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Festivalen vert med det den fyrste countryfestivalen som har fått tildelt tittelen av Kulturdepartementet og dei vil difor få statsstøtte. Det er Sårheim svært godt nøgd med.

– Det er vi veldig fornøgde med, men også det at vi har fått ein anerkjenning i det politiske miljøet. Countryfestivalar er fult på høgde med alle andre
festivalar, meiner Stårheim.


Det har i over eit år vore kjent at ein countryfestival skal tildelast statlege middel og det vart altså Breim som trekte det lengste strået. Det forundrar ikkje kulturministeren.


– Det er ein slik idealisme og pågangsmot rundt den festivalen som er eit eksempel til etterfølging, seier Anniken Huitfeldt.

Peika seg tidleg ut

Sjølv om konkurransen var hard hadde Huitfeldt tidleg merka seg Breim.


– Dei er ledande innan sin sjanger og får sterke internasjonale artistar til å kome til Noreg. Så ut frå ei heilskapsvurdering så meinte vi at Breim kunne ivareta countrymusikkens status på ein best mogleg måte, seier Huitfeldt.

På tide

Jenny Jensen

ENDELEG: Det var på tide at ein countryfestival fekk knutepunktstatus, meiner Jenny Jensen.

Foto: Fredrik Arff/Dinamo

Det er fleire som har teke imot beskjeden med stor glede i dag. Både fylkesordførar Nils R. Sandal og Jenny Jensen gler seg stort. Jensen som fleire gonger har opptredd på festivalen er i ekstase.

– Det er heilt fantastisk, og det er så på tide. Det er anerkjenning av sjanger og ikkje minst til publikum som likar dette. Eg er superglad! Gratulerer så mykje til Breim, seier ei entusiastisk Jenny Jensen.