NRK Meny
Normal

Inge Per er ein ekte dressveteran – no gir han seg

Årets høgsesongen for julebord og finklede, blir Inge Per Smørdal sin siste som ein ekte «dressmann». Etter 46 år gir han seg.

Per Inge Smørdal

EKSPERT: Dressveteran skal snart gje seg etter 46 år der han har laga mange dress for mange menn.

Foto: Privat

– Spørsmålet er kva du ynskjer. Mørk dress, mellomdress? Moderne? Det er tre fargar som utmerker seg. Det er svart, marineblått og ulike gråfargar i stoffet, seier Inge Per Smørdal ved Frislid Herreekvipering AS på Nordfjordeid.

Menn skifter nok ikkje like ofte på slik førjulstas som kvinner, men når det skal kjøpast ny dress skjer det ofte i denne tida av året. Og då er det greitt å vite kva ein skal gå for.

Den normale, moderne og klassiske dressbrukaren

– Brukar du dress når du skal vere veldig oppdatert og kanskje ikkje kvar dag, så skal du velje ein svart eller mørkeblå dress.

Men er du ein moderne mann som likar det som er på moten og gjerne vil bruke det i kvardagen så er det eit par ting du bør tenke på.

– Då kan ein gå med dress utan slips eller skjorte. Elles kan ein ha ei jakke til ei vanleg bukse dersom ein ynskjer å vera uformell. Då bør ein i alle fall ikkje bruke svart jakke, fordi då berar det preg av at du har brukt dressjakka, seier Smørdal.

Vidare seier han dersom ein likevel vil ha ei mørk jakke så bør ein gå for svart blazer-jakke med strukturar i stoffet, legg Smørdal til. Men skal du ha ein heil dress så har han tips til det også.

– Per i dag så er det veldig klassiske modellar som er roleg i stoffet som gjelder. Og dei som ynskjer seg eit fint slips med julemotiv så er det raudfargen.

– Spesielt på herresida så har det ikkje vore dei store revolusjonane

Noko forandringar skjer sjølvsagt på dressfronten også, men det går i alle fall ikkje rast i svingane.

– Slik eg ser det så er det ikkje store endringar som kjem til å skje. Det er ikkje slik at viss ein kjøpar ny dress no, så treng ein ny dress til mai.

Det har vore ei tid med sjømannssleng på bukser og jakker med ganske store skuldrer. Det har også vore inn med tydelege ruter og striper. Men no skal ikkje mønstra vera så tydelege, og helst einsfarga viss du skal vera klassisk og moderne.

– Men elles går moten i bølgjer. Det som var på moten for lenge sida, kan koma tilbake. Dobbelsaum som no har vore vekke kjem heilt sikkert til å vera på plass igjen om ikkje så lenge, seier Smørdal.

Frislid Herre

KOLLEKSJON: Her ser du delar av kolleksjonen til Frislid Herreekvipering.

Foto: Privat

– Han har eit veldig godt rykte

Arve Naustdal har vore stamkunde over lengre tid og har kjøpt mange dresser frå Smørdal. No skal han ha ein ny dress igjen.

Arve Naustdal

FAST KUNDE: Arve Naustdal har vore kunde hjå Smørdal lenge og er svært nøgd.

– Per Inge er ein fagmann og eg får alltid det som passar. Om ein må prøve eit par gonger, så må ein finne seg i det. Men han slepp meg ikkje ut av døra før han ser at det sit skikkeleg, seier Naustdal.

Er han pirkete?

–Pirkete er han, men det må han få lov til å vera. Eg har prøvd buksa, den sit som den skal. Trøya har eg no prøvd to gonger. Han stod no og nappa litt, så den får eg ikkje med meg i dag. og det viser i grunn kor pirkete han er.

Tek farvel til jul

Eirik Johnsen

NY LEIAR: Eirik Jonsen tek over etter Per Inge Smørdal.

Foto: Privat

Butikken tek ikkje slutt, men Inge Per Smørdal, veteranen i sal av målsydde dressar kan skilte med 46 år i faget når han overlèt styringa av Frislid Herreekvipering etter jul. Eirik Johnsen tek over som dagleg leiar. Han har jobba på dressbutikk i Bergen og kan også gje oss gode tips.

Du er jo mykje yngre enn Inge Per. Det å kjøpe målsydde dressar er det berre for eldre herrar?

– Nei, på ingen måte. Eg har alltid forbundet det med eldre, eller klassisk herremote. Men når eg kjem her og ser trenden som er blitt utvikla, så ser eg at det er marknaden si beste passform og passar alle aldrar, seier Johnsen.

Johnsen meiner at dress er blitt svært populært blant den yngre befolkninga også.

– Det blir berre meir og meir av det. Det var ikkje lenge sida det var fyfy å gå ut på byen med dress, men no er det fyfy å gå med hettegenser og slengbukse, meiner Johnsen.

Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast