Hopp til innhold

Gjev opp jakta på E.coli-kjelde

Smittekjelda til bakterien som tok livet av ein to år gamal gut frå Eid, er ikkje funnen. No gjev smittevernlegen også opp jakta på kjelda.

- Vi har ikkje funne noko som helst. I dei fleste tilfelle med E.coli endar det på denne måten. Det hadde faktisk vore meir oppsiktsvekkande dersom undersøkingane våre hadde gjeve resultat, seier smittevernlege i Eid kommune, Einar Sandven, til bt.no .

- Ingen fleire analysar

Den to år gamle guten vart i midten av januar lagt inn på Haukeland Universitetssykehus. Sjølv med intensiv behandling døydde guten . Alle born og tilsette ved Stårheim barnehage, der guten gjekk, vart testa . I alt er det gjort 134 undersøkingar i nærmiljøet , både barnehage og garden der guten budde .

- Det blir ikkje sendt fleire nye prøvar til analyse no. Dersom det skal skje, må vi få inn nye opplysningar om moglege smittekjelder, seier Sandven.