Hopp til innhold

Gjest måtte hentast med ambulanse

Politi og ambulanse måtte natt til laurdag rykkje ut til ein utestad i Førde.

– Ein utestad i bygda hadde problem med ein berusa person. Politi og ambulanse til staden, melder politiet på Twitter.

Politiet melder om fleire tilfelle av festbråk, mellom anna på Sandane.Dei fekk melding på uro og tumulter på ein utestad i sentrum. Denne hendinga løyste seg før politiet kom til staden.

I Sogndal måtte politiet rykkje ut til ein utestad, der ein gjest nekta å forlate ein utestad. Men i følgje politiet hadde gjesten teke til fornuft då politiet kom, og forholdet blei ordna på staden.

Rett før klokka tre i natt kom det klage på høg musikk frå eit hus, eller ein bopel som politiet kallar det. Politiet drog til staden og avslutta festen.