Hopp til innhold

Gjermunstad ventar ved telefonen

Vegar Gjermundstad har den siste tida vist seg fram for eliteserieklubben Hønefoss og Allsvenskan-klubben Syrianska.

Vegar Gjermundstad

UØNSKT: Sogndal ville ikkje forlenge kontrakten med midtstoppar Vegar Gjermundstad. No kan han hamne i Sverige, eller bli lagkamerat med Rune Bolseth i Hønefoss.

Foto: Rune Fossum / NRK

No er den tidlegare sogndalspelaren attende i fjordfylket, der han ventar på respons frå klubbane han har prøvd seg hos.

– Eg sit liksom berre og ventar på at telefonen skal ringje. Det er ikkje så mykje meir eg kan gjere, seier midtstopparen til NRK.

Gode tilbakemeldingar

Vaimingen var først i Sverige og Syrianska der han prøvde seg i treningskampen mot Inter Åbo. Etterpå gjekk turen til Hønefoss, der Gjermundstad spelte samtlege minutt av treningskampen mot Stabæk.

Begge kampane enda uavgjort.

– Eg tykte det gjekk bra og føler eg fekk vist meg fram. Tilbakemeldingane var gode begge stader, seier 21-åringen.

Vil ha midtstoppar

Sjølv vil han ikkje forhaste seg i val av ny klubb, men seier at han per no ikkje har fleire planar om klubbesøk. Enn så lenge køyrer han eige opplegg for å halde seg i form, medan han også har høve til å trene med Førde.

HBK-trenar Leif Gunnar Smerud seier at han av prinsipp ikkje kommenterer interessa kring enkeltspelarar. Han stadfestar likevel at dei er på jakt etter ein midtstoppar.

– Vi hadde tre stopparar i fjor, men Erik Hagen forsvann midtveges. Vi gambla på at vi skulle klare oss ut sesongen, men er no ein midtstoppar short i den troppen vi har, seier han.

Svenskane vil gå vidare

Det var den nyopprykka eliteseriklubben som sjølv tok kontakt med Gjermundstad. Sogndal har ikkje ynskt å forlenge kontrakten med den tidlegare Lyn-stopparen.

– Han gjorde eit godt inntrykk, men vindauget er ope ei stund til, seier han.

Gjermundstad var ein av fleire prøvespelarar hos Syrianska. Klubben stadfestar til avisa Länstidningen Södertälje interesse for både Gjermundstad, Marcos Gondra Krug, Lawal Ismail.

– Nokre prøvespelarar fekk reise, men desse her går vi vidare med, seier styreleiar Andreas Temiz.