Hopp til innhold

Gjermundstad trenar med Sogndal

Dagen etter Lyn-konkursen er Vegar Gjermundstad på plass i Sogndal.

Vegar Gjermundstad er på plass i Sogndal
Foto: Arve Uglum / NRK

Les og: Lyn slått konkurs

- Eg skal trene med Sogndal ei stund no, og så får me sjå kva det blir til, seier midstopparen som har vore fast på midstopparplass dei to siste sesongane i Lyn, både i Eliteserien og 1. divisjon.


- No må me sjå på han på treningane, men det er klart at han er ein ung og god midtstoppar med bra erfaring så det er klart han er interesann for oss, seier sportsleg leiar i Sogndal, Trond Fylling.

- Kva betyr det at han er frå Sogn?

- Det at han er lokal er veldig viktig for oss.

Sogndal kan tene dobbelt

Dermed kan Sogndal tene dobbelt på Lyn sitt økonomiske uføre. Dei ligg an til å klatre til topps i 1. divisjon når resultata til Lyn etter alle solemerke vert sletta. I motsetning til dei andre topplaga tapte Sogndal mot Lyn i vår. Så medan Bryne, Ranheim, Fredrikstad og Bodø/Glimt mister tre poeng, står Sogndal på staden kvil.

- Det er trist å ta poeng på denne måten, dersom det skjer. Me spelte ein forferdeleg kamp mot Lyn, seier Fylling.

Even Hovland og Vegar Gjermundstad

Even Hovland og Vegar Gjermundstad kan danne eit reint midstopparpar frå Vadheim.

Foto: Arve Uglum / NRK

Kort veg til Sogndal


20-åringen var på ferie heime i Vadheim på onsdag då han fekk vite at Lyn hadde levert konkursbegjæring. Dermed var vegen inn til Sogndal kort, men han veit ikkje om opphaldet blir permanent.


- Eg har konkrete tilbod frå eit par andre klubbar og, så me får sjå.

- Betyr det noko for deg å koma heimatt til Sogn?

- Det er klart det er kjekt, men det er ikkje avgjerande. Eg reiser dit fotballen tek meg, seier Gjermundstad.

Arbeidsledig


Gjermundstad er arbeidsledig frå i dag av, etter at han for ein månad sidan fekk valet mellom 60 prosent lønsreduksjon eller oppseiing i kriseråka Lyn.
- Eg kunne ikkje godta den nye kontrakten. Eg skal jo leve også. Det var ikkje akkurat overraskande det som skjedde no. Det starta med Mikel-saka då eg kom til Lyn og etterpå har det eigentleg vore krise og bråk heile tida. Det har vore vanskeleg å halde fokus på fotballen og det som skjer no er sjølvsagt trist, seier han.

2 x Vadheim


Om han hamnar i Sogndal kan han fort danne midstopparpar saman med den eitt år eldre sambygdingen Even Hovland. Begge dei to høgreiste kraftkarane er fødde og oppvaksne i Vadheim, med mindre enn fem hundre innbyggjarar.

- Klart det hadde vore moro. Vi spelte jo mykje i lag då me var yngre, seier Gjermundstad.