NRK Meny
Normal

Gjermundstad prøvespelar i Sverige

Sogndalspelar Vegar Gjermundstad reiser måndag til Sverige for å prøvespele for klubben Syrianska FC i Allsvenskan.

Vegar Gjermundstad

TIL ALLSVENSKAN?: Forsvarsspelar Vegar Gjermundstad prøvespelar for ein svensk toppklubb.

Foto: Rune Fossum / NRK

Gjermundstad seier til Firda at han berre skal trene ut januar med Sogndal og at han ikkje har fått signal om at dei ønskjer å forlengje kontrakten med han.

– Eg kan ikkje sitje på gjerdet og vente, seier Gjermundstad til avisa.

Dersom han forlet Sogndal, vert han den fjerde forsvarsspelaren som går frå klubben etter fjorårssesongen. Tidlegare har Mats Solheim reist til svenske Kalmar, Isak Scheel til Lillestrøm og Even Hovland til Molde.

Gjermundstad gler seg til å reiser til Sverige.

– Eg skal reise bort og vise meg frå mi beste side. Dette er veldig spennande, seier han.

Vi meldte tidlegare at klubben heitte Asyriska. Dette laget held også tili Södertalje i Sverige. Men det er altså eliteserieklubben Syrianske han skal prøvespele for.