Hopp til innhold

Gjermundstad klar for Sogndal

Vegar Gjermundstad frå Vadheim er klar for Sogndal.

Vegar Gjermundstad og Egil Mundal
Foto: Ole Ramshus Sælthun / NRK

20-åringen trente med Sogndal førre veke, og har no signert kontrakt ut 2011.

Glad for å fokusera på fotball

Gjermundstad kjem frå konkursråka Lyn.

- Eg tru det vert veldig bra. I Lyn vart de mykje trøbbel utom fotballen, og det vart vanskeleg å fokusera på fotball og trening. Så det skal verta godt å byrja på nytt, for her verkar ting på stell, seier 20-åringen.

Dagleg leiar i Sogndal fotball, Egil Mundal, kan roa Gjermundstad med at Sogndal har kontroll på økonomien.

- Me har ikkje tradisjon for å bruka pengar me ikkje har. Dessutan har me litt økonomisk handlingsrom att i 2010.