Hopp til innhold

Vegar Gjermundstad går til Hønefoss

Vegar Gjermundstad (21) går frå Sogndal til Hønefoss neste sesong. Dermed blir han lagkamerat med eks-Sogndal-spelar Rune Bolseth.

Vegard Gjermundstad

PÅ VEG VEKK: Vegar Gjermundstad er samd med Hønefoss om ein eittårskontrakt.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Med signeringa av Vegar Gjermundstad er vi også tilfredse med spelarstallen i denne omgang. Ved å få inn endå ein forsvarsspelar, sørgjer vi for auka konkurranse om desse plassane, seier Hønefoss-trenar Leif Gunnar Smerud til honefossbk.no.

Det har lenge vore uvisst kor Gjermundstad har vore på veg. Sogndal har ikkje forlenga kontrakten, og den unge spelaren frå Vadheim har mellom anna vore på prøvespel for svenske Syrianska.

Er klok og lærevillig

– Vegar vil bidra med sin gode fysikk, og han er ein klok og lærevillig spelar som allereie har ein del tippeligakampar i beltet. Han vil bidra til å heve laget og gruppa framover, seier Smerud.

Gjermundstad har ikkje signert kontrakten endå, men klubben er samd med spelaren om ei eittårskontrakt. Berre den medisinske testen står att før han er Hønefoss-spelar.