Hopp til innhold

Gjer undersøkingar

Arbeidstilsynet gjer i dag rutinemessige undersøkingar etter arbeidsulukka ved skipsverftet Havyard i Leirvik i går. Ein 30 år gammal mann vart kritisk skadd då han fall ned ei trapp. Tilstanden hans blir no skildra som stabil, ifølgje politiet. Regiondirektør i Arbeidstilsynet, Borghild Lekve, seier dei førebels ikkje har så mykje informasjon om hendinga.