Gjer suksess med tyske pølser i vikingskip

Bratwurst-bua på kaien i Balestrand er blitt ein suksess. Der står Carola Ostermann kvar sommar og har gjort det no i sju år.

Carola Ostermann

VIKINGSKIP: Pølseboda til Carola Ostermann er forma som eit vikingskip og er eit ettertrakta fotomotiv for turistane i Balestrand.

Foto: Torbjørn Selseng / NRK

Carola Ostermann

EKTE TYSK: Carola Ostermann sel ekte, tyske pølser på kaien i Balestrand.

Foto: Torbjørn Selseng / NRK

Du har kanskje sett ho på kaien i Balestrand. Inne i pølsebua forma som eit vikingskip står Carola Ostermann frå Tyskland og sel ekte tysk bratwurst.

– Det var ikkje min ide. Eigaren for denne plassen meinte eg var ein perfekt person for å drive med dette, for Balestrand trengde ei pølsebod. Eg hadde eigentleg ikkje lyst, men til slutt sa eg ja til å drive boda, fortel ho.

Lurte på om pølsene var gamle

Carola flytta frå familie og venne til Norge i 2006 og har selt tyske pølser sidan. Og det er den skikkelege typen. Fotlange grå pølser i eit knøttlite brød, sjølvsagt med rivande sterk sennep attåt. I byrjinga var ikkje dei lokale heilt med på ideen.

– Kvifor er den så grå? Er dei gamle? Det fekk eg spørsmål om og eg måtte forklare. Det tok ei tid for lokalbefolkninga våga å prøve pølsene, men så var alt i orden, ler ho.

Populært fotomotiv

Men tyskarane omfamna tilbodet i Balestrand. Og snart blei det skikkeleg god business.

– Dei kjem hit og stiller mange spørsmål om korleis deg går og kvifor eg er her. Og så vil alle ta bilete, særleg dei kinesiske turistane. Eg håper eg kan bli her i Balestrand resten av livet mitt.

Bratwurst-bua på kaien i Balestrand er vorte ein suksess. 
Der står Carola Ostermann kvar sommar og har gjort det no i sju år.

HØYR: Reporter Torbjørn Selseng har besøkt tyske Carola gjer suksess med pølsebod i Balestrand.