Hopp til innhold

Det vesle bryggeriet har ein draum om å produsere 90.000 liter øl i løpet av året

Med produksjonsutstyr snikra saman av gamalt meieriutstyr er Balder Brygg på Leikanger blant bryggeria i Norge i vekst. I år har dei håp om å tredoble produksjonen.

Bryggerommet hos Balder Brygg på Leikanger

HEIMELAGA: Bryggerommet hos Balder Brygg på Leikanger

Foto: Joar Njøs

– Vi har sett oss som mål at vi skal greie doble produksjonen frå i fjor, då vi produserte 30.000 liter.

– Vi skal iallfall greie 60.000 liter i år, og så har vi ein liten draum om å greie 90.000 liter, seier Joar Njøs som er bryggerimeister for Balder Brygg.

Sterk vekst i Sogn og Fjordane

Bryggeria i Sogn og Fjordane er blant produsentane som veks mest i heile landet. Ægir i Flåm og Kinn i Florø er blant fyrtårna i landet, men no er det også ei litt mindre bryggeri på Leikanger som er i ferd med å markere seg, Balder Brygg.

Petter Nome i Bryggeri- og Drikkevareforeningen er imponert over det bryggeria i fjordfylket har fått til.

– Det går eventyrleg bra i heile landet, og Sogn og Fjordane er eitt av fylka som peikar seg veldig positivt ut. Vi har Ægir som er eit fyrtårn i Norge, og Kinn som kom som eit skot. No er det i tillegg Balder Brygg, som har kome veldig godt i gang, seier han.

– Eit tøffare øl

Nome meiner bryggekulturen og kreativiteten blant ølbryggjarane i Sogn og Fjordane er langt framme, og trur dette har vore med å gjere lokalt øl til ein suksess.

– Dei norske bryggeria har vore veldig driftige og kreative. Dei har tort å lage øl som kanskje skil seg frå det som er «mainstream». Dei har hatt trua, vore modige og fått betalt for det.

– Norge skil seg frå andre land med at vi har dristigare og tøffare øl, seier Nome.

(Artikkelen held fram under biletet)

Petter Nome

POPULÆRT: Petter Nome i Bryggeri- og Drikkevareforeningen er imponert over bryggeria i Sogn og Fjordane.

Foto: Morten Andersen / NRK

– No gir vi full gass

For Balder Brygg sin del starta det i det små i 2012. Då Joar Njøs fekk spørsmålet frå Øystein Meland og Knut Njøs om å bli med, klarte han ikkje seie nei.

– Eg har vakse opp med ølbrygging heime, der far min har drive med dette i alle år. Eg har sjølv drive med litt moderne heimebrygging, og måtte slå meg med. Det har eg ikkje angra på, seier Njøs som i dag er bryggerimeister.

Men for snikkaren og avløysaren var ølbrygging i større skala likevel noko nytt. Njøs fortel om spennande og krevjande tider, der dei no har funne oppskrifta til suksess.

– I år gir vi full gass i produksjonen for å få opp volumet. Men det er fleire ting å ha fokus på. Vi skal halde produksjonen oppe på dei faste ølsortane, men samtidig vere kreative og lage nye øl og ta oss av alt papirarbeidet, seier han.

(Artikkelen held fram under biletet)

Gjæringstankar hos Balder Brygg på Leikanger

90.000 LITER: Det vesle bryggeriet på Leikanger har ein liten draum om å greie kome opp i 90.000 liter øl i løpet av 2014.

Foto: Joar Njøs

Er berre fire mann

Enn så lenge er dei berre fire mann som held hjula gåande i Balder Brygg. Dei tre kameratane og ein polsk ølbryggar som er på Leikanger to veker i månaden for å brygge ølet. Utstyret dei brukar er heimelaga, sveisa saman av gamalt meieriutstyr.

Men det har ikkje vore noko å seie på smaken, skal ein tru tilbakemeldingane ølbryggarane har fått frå kundane.

– Vi har fått berre positive tilbakemeldingar, seier Njøs.

Balder Brygg produserer i hovudsak lagerøl av typen «pils», «baier» og «bukk». Lagerøl er det nesten ingen andre mikrobryggeri som lagar, men folk ser ut til å ville ha ølet laga på Leikanger.

– Omsetnaden er stigande, røper Njøs.

Og med full styring over eiga bedrift er det fritt fram for å teste ut nye ølsortar. Og testing og smaking blir det litt av, vedgår Njøs.

– Og eg har enno til gode å tømme ut noko, flirer han.

Trur det framleis er god plass for fleire

Han trur framtida for dei lokale ølbryggeria ser lys ut.

– Eg har iallfall trua. Det kostar litt meir å produsere i liten skala, men folk er opptekne av lokale produkt og skikkeleg kvalitet, og det verkar som folk er villige til å betale for det, seier han.

– Men kan det bli for mange som satsar på ølbrygging?

– Føl eller seinare kan det kanskje bli for mange bryggeri. Vi ser til dømes frå USA at det er ein del som har gått under og andre som har klart seg. Det er ikkje så mange av oss som er interesserte i å konkurrere med kvarandre, men før eller seinare blir det konkurransen.

– Men så lenge ein satsar på god kvalitet og litt andre produkt enn andre, så trur eg det er god plass i marknaden.