Hopp til innhold

Gjer storsuksess med fotballtrykk – har femdobla resultatet på tre år

Avery Dennison NTP i Gaupne fekk eit overskot på over 13 millionar etter skatt i fjor. Sidan 2013 har salet auka med 23 prosent.

Fotballdrakter frå Avery Dennison NTP

SUKSESS: Desse draktene fører til klingande mynt i kassa til ATP Avery Dennison. Og dei gjer til tilsette stolte, trur dagleg leiar Tom Dyrdal.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

– 2015 var eit kjempegodt år for oss alt i alt, seier Tom Dyrdal, dagleg leiar i suksessverksemda i Sogn.

Tom Dyrdal, dagleg leiar i Avery Dennison NTP i Gaupne.

STOR ARBEIDSPLASS Tom Dyrdal er sjef for kring 130 personar som har arbeidsplassen sin på fabrikken i Gaupne.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Bedrifta han styrer leverer merka som mellom anna blir trykt på fotballaget Barcelona og det norske fotballandslaget sine drakter. Leiaren forklarar millionoverskotet med vekst i eksport og på den norske sportsmarknaden. Ein nedgang i arbeidsklemarknaden, spesielt i oljeindustrien, har ikkje påverka verksemda negativt.

– Vi har ein god miks av flinke folk som har arbeidd her i mange år, eit godt produkt og ei innstilling som gjer at vi blir verdsett i marknaden, også utanfor landegrensene, utdjupar Dyrdal.

– Syner at det går an

Verksemda er del av eit stort amerikansk selskap, og anlegget i Gaupne i Sogn er det einaste i Nord-Europa. Konkurransen om oppdraga er tøff, og fylkesdirektør for næring, Jan Heggheim, let seg imponere over det dei får til.

– Dette syner at det er mogleg å få det til sjølv om både geografi, logistikk og anna elles gjer det vanskeleg. Når det er sagt, er det litt typisk våre fjordar og bygder at vi har mange dyktige folk som leverer ein ekstra innsats, som dei ikkje gjer andre stader.

Innovasjon, teknologi og kompetanse er det verksemda trekk fram som sine trumfkort når dei jaktar nye kontraktar i utlandet. Sjefen trur på vidare vekst, men ikkje i det uendelege. Dei siktar seg inn mot å vinne nye og store kontraktar med europeiske fotballklubbar.

Jan Heggheim

FRAMTIDA: Næringssjef i fylket, Jan Heggheim meiner mange verksemder i fylket gjer det godt, men understrekar at dei kan bli flinkare til å skryte av seg sjølve.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Det ser ut som det blir meir konkurranse, men vi håpar å ta nokre marknadsandelar kvart år. Å levere drakter til Barcelona gjev prestisje både for dei som arbeider her og dei som sel produktet. Det blir brukt som referanse, og gjer arbeidarane stolte.

Stor tru på framtida

Heggheim trur fleire verksemder kan ha noko å lære av sognesuksessen.

– Det er mange døme på at vi har verksemder i fylket som hevdar seg i verdstoppen. Nokre er flinkare enn andre til å fortelje omgjevnadane sine om det.

Han trur også at næringslivet i Sogn og Fjordane har god framtidstru for tida.

– Mitt inntrykk er at mange verksemder gjer det godt. Samstundes er vi aldri på dei høge toppane som hentar ut størst resultat på topp, men då slepp vi også å vere med ned i dalen. Eg har inntrykk av at mange verksemder gjer det godt, seier Heggheim.