Hopp til innhold

Gjer stor suksess - opnar for retur

Sogndølen Oddbjørn Skartun storspelte under cupdramaet på Viking stadion onsdag kveld. Det har han også gjort store delar av sesongen.

Oddbjørn Skartun

SKÅRA TO: Oddbjørn Skartun frå Sogndal var med på å sende Viking ut av cupen. Onsdag kveld spelte han seg inn i hjertene i jærbuane.

Foto: Tarjei Sel/Jærbladet

Han skåra to av måla då Bryne vann 4–2 og var i høgste grad medverkande til at Bryne måka Viking ut av cupen.

– Dette var ein av dei betre dagane på jobb. Det var heilt fantastisk og ei god kjensle å sjå at vi kunne glede så mange, seier han til NRK.no.

24 år gamle Oddbjørn Skartun er oppvaksen i Sogndal og har gått gradene i klubben. Han var på A-laget i to år då dei spelte i 1. divisjon.

– Eg treng tillit for å lykkast og er klart best. I Sogndal fekk eg ikkje speletid og difor måtte eg komme meg vekk. Det ser ut som eg gjorde eit godt val, seier Bryne-spissen.

Har blomstra og lukkast meir og meir

Han reiste til 2. divisjonslaget Vard Haugesund. Der fekk han mykje speletid og utvikla seg som spelar.

– To år seinare fekk eg kontrakt med FK Haugesund. Etter eit år i tippeligaen, gjekk eg til Bryne som spelar i 1. divisjon. Det har eg vore eit halvt år no.

Sogningen har gjort det svært bra i Bryne-trøya. Han har skora seks mål så langt i serien. I tillegg har han to målgjevande pasningar. Det gjer han til den tredje mest giftige spelaren i divisjonen.

– Dette har med trivsel og tillit å gjere. Gaute Larsen har gitt meg tillit i alle kampar til no. Eg føler eg har blomstra og lukkast meir og meir. I tillegg har eg det veldig bra med den gjengen som er her, både på og utanfor bana, seier han.

Fotball ligg i slekta

Jarle Skartun er far til Oddbjørn, og Rolf Navarsete og Gjermund Skartun er onklane. Alle tre har ei fortid i Sogndal-trøya. Som Sogndal-gut er 24-åringen glad i både bygda og laget heime.

– Eg har alltid vore glad i Sogndal. Då eg vaks opp, var draumen å spele på Fosshaugane. Det hadde vore veldig kjekt å gå gjort ein gong.

– Så du har ingen umiddelbare planar?

– Vi får sjå kva som skjer. Akkurat no kosar eg meg veldig i Bryne der eg utviklar meg meir og meir.

Skal prestere bra framover

Senegalesaren Malick Mane har blitt ein viktig spelar for Sogndal. Under cup-kampen i går var han den store spelaren. Etter kampen fortalde han til NRK at utanlandske klubbar hadde vist interesse for han.

Skartun seier han ikkje går rundt og tenkjer på at det kan bli ein ledig spissplass i Sogndal.

– Eg tenkjer veldig lite på dette. Det som er viktig for meg no, er at eg må prestere bra framover.

Vil spele i tippeligaen

Han har ambisjonar om å spele i tippeligaen igjen. Om det blir med Bryne eller ein anna klubb, veit han ikkje.

– Det er målet mitt og eg jobbar mot det.

– Har du ein draum om å komme heim til Sogn?

– Eg er kjempeglad i Sogndal og har alltid hatt lyst å spele for laget. Det er mykje folk i bygda eg bryr meg mykje om, så eg kunne absolutt tenkje meg det.

– Om Håvard Flo ringjer og seier det er ein ledig plass som spiss på sogndal, vurderer du då å komme tilbake?

– Ja, sjølvsagt gjer eg det, seier Skartun.