Gjer seg klare for ekstra trykk veslejulaftan

FØRDE (NRK): Handlar du julegåver i siste liten? Det er du ikkje aleine om. I år førebur butikkane seg på ein travel veslejulaftan før søndagstengd 24. desember.

Ørjan Alme stabler julekaker på Coop Extra Kronborg

FØREBUING: Butikksjef Ørjan Alme på Coop Extra Kronborg er klar for siste innspurt før veslejulaftan.

Foto: Arianrhod Engebø / NRK

– Me reknar med at det blir den største dagen i år, seier Ørjan Alme og ser utover stablane med julevarer.

Alme er butikksjef på Coop Extra Kronborg. Han førebur seg på at butikken kjem til å vera full av folk på dagen før dagen.

– Me er klare til å jobbe mest mogleg etter stengetid slik at butikken er klar til me opnar veslejulaftan.

Ifølge butikksjefen er det mange som plar å vere seint ute med å få julematen i hus.

– Det er mange som vanlegvis handlar siste rest på sjølve juleaftan, så i år blir det nok bra trykk på veslejulaftan.

Handlar for milliardar

Bror Stende er direktør i Virke Mote og Fritid

FOLK MÅ FORTE SEG: Bror Wilhelm Stende i Virke håpar folk har fått med seg at butikkane er stengd på julaftan. – No må alle forte seg å handle, seier han.

Foto: NRK

Butikksjefen på Kronborg i Førde kan få rett. Ifølge tal frå Virke handlar nordmenn for enorme summar dei aller siste dagane før jul.

– Vanlegvis handlar me for 550 millionar på julaftan når den er open for vanleg handel, seier Bror Wilhelm Stende, direktør for faghandel, mote og fritid i Virke.

Han trur det at butikkane er stengd på julaftan i år kan påverke korleis nordmenn gjer den siste julehandelen.

– Det kan nok fort bli ein travel dag i butikkane på veslejulaftan, seier Stende.

– Me er klare

På Amfi Førde strøymer julemusikken frå alle høgtalarar. Senterleiar Mariann Njøsen er spent på korleis dei siste dagane før jul blir.

– Veslejulaftan pleier det å vera omtrent like mange innom som på Black Friday og nattope. Det er jo også ein god del innom på sjølve julaftan, så i år må jo alle dei ta turen før.

Senterleiar Mariann Njøsen på Førde Amfi

JULEKLAR: På Amfi Førde forventar dei mykje folk veslejulaftan. – Me har ekstra mange parkeringsvaktar sidan det er venta mykje bilar.

Foto: Arianrhod Engebø / NRK

Njøsen fortel at det i fjor var om lag 1200 personar innom senteret på julaftan.

– Det er jo ganske mange menneske, så det blir hektisk viss så mange som kome i tillegg til resten på julaftan. Men me er klare for det!

Konfekt og bøker for dei treigaste

For ein del etternølarar kan ein tur innom ein bensinstasjon på julaftan bli redninga for julefreden i heimen. På Esso Førde er dei vand med å hjelpe folk med å få på plass dei siste gåvene.

Jan Farsund på Førde Esso

KONFEKT OG REFLEKS: Dagleg leiar i Esso Førde, Jan Farsund, har gåveidèane klare til dei treigaste.

Foto: Arianrhod Engebø / NRK

– Det er alltid nokon som kjem innom i siste liten, seier Jan Farsund, dagleg leiar Esso Førde.

Farsund fortel at det finst dei som ender med å kjøpe ein del julegåver hjå dei.

– Me har jo litt utval, bøker, konfekt og refleksar. Så me kan hjelpe dei som manglar dei siste presangane.