Hopp til innhold

Gjer opprør mot kommunen sin namnepolitikk

Luster kommune har vedteke at Nistevegen no heiter Hafslovegen. Det får innbyggjarane i vegen til å sjå raudt. Dei nektar å bruke den nye adressa, og har hengt på sine eigne skilt.

Olav Bremer

SINT: Olav Bremer er sint på Luster kommune etter at dei forandra adressa hans frå Nistevegen til Hafslovegen

Foto: privat

– Vi som bur her er klare til å pakke sekken vår og flytte om kommunen legg ned vegen vår, seier Olav Bremer.

Han har teke på seg å vere talsperson for bebuarane i vegen som går frå Hafslo sentrum til Moane i Luster i Sogn. Han kan fortelje at det ikkje er eit einaste menneske i vegen som likar det nye namnet.

– Nistevegen har vore adressa vår og identiteten vår i alle år. Det nye namnet seier oss ingenting, det er ingen identitet eller historie knytt til det. Det er berre eit namn dei har funne på, seier Bremer.

Les også: Så vulgære stadnamn at ingen vil nemne dei

Alle som bur i vegen står samla

Alle innbyggjarar i det som før heitte Nistevegen har skrive under på eit opprop mot namneendringa, men dei har også gått endå lenger.

– Vi ville gjere det heilt klinkande klart at det nye namnet er heilt uaktuelt, så alle lyktestolpane her i området er no merkte med plakatar der det står "Nistevegen". Då håpar vi at alle forstår at det ikkje er nokon her som kjem til å bruke det nye namnet.

Provisorisk vegskilt i Nistevegen/Hafslovegen

NYTT VEGSKILT: bebuarane i Nistevegen har sett opp sine eigne vegskilt på alle lyktestolpar i vegen sin

Foto: privat

– Språk er ikkje for amatørar

Det er tydeleg at namnekampen vekkjer sterke kjensler. Ein mann frå Hafslo som også har sterke meiningar om saka er tidlegare direktør i Norsk Språkråd, Sylfest Lomheim.

– Det er ingen tvil om at det er Nistevegen som er det namnet vi i bygda har brukt på denne vegen. Dette går inn i ein tendens der vegvesen og kommune vil ha meir orden på stadnamn og vegnamn, men når det kjem til namn og identitet er jo dei amatørar. Dei har ikkje greie på språk, og språk er ikkje noko ein kan overlate til amatørar, seier Lomheim.

Sylfest Lomheim

FORSTÅR DEI: språkforskar Sylfest Lomheim er sjølv frå Hafslo, og han har stor forståing for sambygdingane sin kamp

Foto: Sindre Hopland/NRK Sørlandet

Han tykkjer ikkje det er rart at namnebytet vekkjer sterke kjensler, men seier at det faktisk er heilt naturleg.

– Både stadnamn og personnamn er viktige for alle menneske, dette går veldig djupt i folk. Det handlar om identitet, og det er berre å ta inn over seg at det er viktig for folk. Slik er det berre, seier Lomheim.

– Det har vore ein prosess

Ordførar i Luster Ivar Kvalen understrekar at han personleg ikkje har vore involvert i namnestriden i Hafslo, men seier at det har vore ein prosess i forkant av namnebyte som no er vedteke.

Ivar Kvalen
Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Det var sogelaga rundt om som utnemnde nemnder som skulle kome opp med forslag til nye namn, då det har vore eit behov for å rydde opp i ein del adresser. I etterkant av det har det kome forslag frå desse nemndene, og dei forslaga har so vore ute på høyring.

Olav Bremer i Nistevegen/Hafslovegen er likevel ikkje nøgd, og seier at innbyggjarane i vegen ikkje kjem til å føye seg etter kommunen,

– Vi sa ifrå i høyringa men vart ikkje høyrd, då kjem vi ikkje til å godta at namnet vert endra. Vegen heiter framleis Nistevegen, den nye adressa kjem ikkje til å bli brukt.