Vil bevise at mannen i bilen er «Mr. X»

Politiet meiner at han er den mystiske «Mr. X» som hjalp til med å setje fyr på Selje hotel. Verdiar for fleire titals millionar gjekk tapt i den dramatiske brannen.

Dagleg leiar på veg heim frå Selje etter å ha rigga brannen på Selje hotel.

MR. X: Kven hadde hotelldirektøren med seg i bilen då han køyrde til Selje for å starte hotellbrannen? Det håpar påtalemakta å få meir svar på når ankesaka mot den tidlegare styreleiaren startar i dag.

Foto: Overvakingsbilete / Politiet

I dag startar ankesaka mot den tidlegare styreleiaren ved Selje hotel opp att i Gulating lagmannsrett.

– Eg legger til grunn at saka står som i april, seier statsadvokat Magne Nyborg.

Påtalemakta meiner mannen er den mystiske «Mr. X», medhjelparen som dagleg leiar hadde med seg i bilen til og frå Selje for å starte hotellbrannen i 2017.

Tiltalte tre brør

Brann i Selje hotell

TOTALSKADD: Selje hotel vart totalskadd under brannen natt til 25. november 2016.

Foto: Erik Hove

Styreleiaren vart i oktober i fjor dømd til fengsel i eitt år for medverknad til økonomisk utruskap. Tingretten fann det ikkje bevisst at mannen medverka til den dramatiske hotellbrannen i 2016.

Hotelldirektøren erkjende straffskuld og vart dømd til fengsel i fem år og seks månader. Den tredje av brørne, kjøkkensjefen, vart frifunnen for alt.

Alle brørne var tiltalte for økonomisk utruskap, brannstifting og forsøk på forsikringssvindel.

Redusert straff

Statsadvokat Magne Nyborg og forsvarar Randulf Schumann Hansen.

MØTES IGJEN: Statsadvokat Magne Nyborg og forsvarar Randulf Schumann Hansen under rettssaka i Sogn og Fjordane tingrett.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Ankesaka mot den tidlegare styreleiaren skulle etter planen opp i april, men vart utsett grunna sjukdom.

Ifølgje statsadvokat Magne Nyborg vil saka starte heilt på nytt, med nye dommarar og nye lagrettsmenn. Lagmannsretten har sett av fem dagar til saka.

– Pausen får ikkje noko å seie for saka utover at den har blitt utsett eit halvt år. Det kan få noko betydning for straffa til den tiltalte dersom lagretten svarer ja, seier Nyborg.

– Då blir det lenger behandlingstid og det kan medføre noko redusert straff, legg han til.

Nektar straffskuld

Politiet hadde gjort nye etterforskingssteg før saka skulle opp i april. Nyborg sa då at dei mellom anna hadde sett nærare på mobilbruken til den tidlegare styreleiaren. Då meinte han at saka mot mannen var styrka.

– I førre runde var det meir fokus på økonomidelen. No blir det branndelen. Som vitne kallar vi inn fleire etterforskarar og folk som er ekspertar på datatrafikk, sa Nyborg.

Det har ikkje lukkast NRK å få kommentar frå mannen sin forsvarar, Randulf Schumann Hansen, men til Fjordenes Tidende seier han at han stiller med nye bevis.

– Vi har heilt sentrale bevis som peikar på at han var i Sverige, og ikkje i Selje. Samstundes vil vi frå forsvaret si side legge fram nye bevis, som ikkje har vore opp i tingretten eller lagmannsretten tidlegare, seier han til avisa.