Hopp til innhold

Gjer nytt forsøk på å berge geitene

Det blir no gjort eit nytt forsøk på berge to geiter som står fast høgt over fjorden i Underdal i Aurland.

Geiter står skårfaste høgt over Sognefjorden

STÅR FAST: I vel tre veker har geitene stått skårfaste på fjellhylla. I dag blir det gjort eit nytt forsøk.

Foto: David Underdal

– Vi er på plass og gjer oss klare til eit nytt forsøk, seier Hendrik Lapp som er lærar for klatregruppa ved Sogndal folkehøgskule.

I over tre veker har geitene stått fast på fjellhylla nesten rett over fjorden frå Undredal. Fleire gonger er det gjort forsøk på å få dei ned, men til no har ingenting lukkast.

Måtte gi opp

Torsdag rappellerte klatregruppa seg ned til geitene i vanskeleg terreng. Men etter fleire timar med forsøk på å heise opp geitene, måtte dei gje seg. Det blei for vanskeleg. Klatrarane greidde få tak i geitene og hekte dei fast, men dei måtte gje seg på å heise dei opp.

I dag er tre klatrarar frå folkehøgskulen og nokre lokale folk på plass for å gjere nye forsøk.

– Planen er å fire dei ned i ein båt på fjorden. Vi satsar på å få dei ned i live, seier han.

Er optimistar

Geitene har fått mat, men sidan det er vinter hastar det med å få dei ned att. Målet er å få geitene ned frå fjellet før det blir mørkt i dag. Lapp er optimist før det krevjande oppdraget.

– Vi trur det skal gå fint i dag og at geitene er nede i tretida, seier han.

Med hjelp frå elevar frå Sogndal folkehøgskule prøvar bondeson David Underdal å redde ned to skårfaste geiter høgt over Sognefjorden.

TÅR SKÅRFASTE: Dei to geitene har stått skårfaste i tre veker høgt over Sognefjorden i Undredal i Aurland kommune. Foto: Stig Indrebø. Reporter Tale Hauso.