Hopp til innhold

Trur nynorskelevar kan ha lettare for å setje seg inn i nye oppgåver

Nynorsk kan vere årsaka til at elevar i Sogn og Fjordane gjer det så bra på skulen. No skal eit eige forskingsprosjekt finne ut meir om årsaka.

Ja til nynorsk

LETTARE FOR Å LÆRE? Gjer nynorsken til at elevar frå Sogn og Fjordane har lettare for å lære? Det skal eit nytt forskingsprosjekt no sjå nærare på.

Foto: Scanpix

Elevar frå fjordfylket gjer det svært godt på nasjonale prøver og eksamenar. Ei mogleg årsak kan vere at tospråklegheita i nynorskfylket gir seg utslag i at elevane har lettare for å lære, seier språkforskar Øystein Vangsnes.

– Den type språkstimulering som elevane i Sogn og Fjordane får, kan vere ei årsak til at dei har forbetra evner til læring, seier Vangsnes.

Ei undersøking frå Statistisk sentralbyrå viser at elevane i Oslo er dei som gjer det aller best på nasjonale prøver, men Sogn og Fjordane er det fylket som har færrast elevar som skårar på det lågaste meistringsnivået.

– Flinkare til å skifte fokus

Gjennom det nye forskingsprosjektet «Lærande regionar» skal ein no prøve å finne ut kvifor elevar frå Sogn og Fjordane gjer det så bra.

Øystein Vangsnes
Foto: Lars Nes

Dette gjer ein fordi ein gjerne vil dele suksessoppskrifta med andre, for å forstår korleis alle elevar kan forbetre læreevnene sine.

Vangsnes skal dei neste åra forske på om nynorskelevar faktisk har lettare for å lære enn andre. Han trur at det å lære nynorsk heime, og bokmål ute i storsamfunnet, kan gjere dei meir lærenæme.

– Dei blir flinkare til å skifte fokus, og flinkare til å halde seg til skiftande føresetnader for det dei held på med, seier Vangsnes.

Han seier dette er eit breitt forskingsprosjekt der pedagogikk og skuleleiing står i hovudsetet.

Vil dele på kunnskapen

Åslaug Krogsæter

VIL DELE: Åslaug Krogsæter seier ein må dele kunnskapen om kva som gjer elevane gode.

Foto: Vegar Erstad / NRK

Svara ein kjem fram til gjennom forskingsprosjektet skal kome andre elevar til gode, fortel utdanningsdirektør Åslaug Krogsæter hos Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.

– Når vi ser at elevar frå Sogn og Fjordane lukkast betre enn mange andre, så må vi prøve å forstå kva faktorar det er som påverkar dette.

– Dette må vi gjere for å lære noko av det, slik at elevar til dømes i Nord-Trøndelag og Aust-Agder kan få like gode resultat som våre elevar, seier Krogsæter til NRK.no.

– Er tette samfunn ein fordel?

I tillegg til effekten av nynorsken vil Krogsæter ha svar på kva det har å seie for læreevnene å vekse opp i små lokalsamfunn.

– Det er tette samfunn der folk får vere med på det som skjer, seier ho.

– Difor er kanskje motivasjonen for å delta i opplæringa, sjølv om den kan vere krevjande, større. Dette fordi elevane kjenner kvarandre godt, dei er inkluderte og tek vare på kvarandre.