Hopp til innhold

No gjer dei klar til nyopning av det ærverdige hotellet

FJÆRLAND (NRK): I fjor var hotellet stengd for første gong sidan 2. verdskrigen. No gjer det nye vertskapet klar til nyopning av ærverdige Hotel Mundal.

Ektepar gjer til klar til nyopning av Hotel Mundal i Fjærland

NYE VERTAR: Claire og Idar er klare til å ta imot nye gjester på det gamle hotellet ved Fjærlandsfjorden. Foto / redigering: Arne Stubhaug / Steinar Lote

Lista over gjeremål er endelaus. Seksten dagar før opning, tek ei av suitene form.

Det vart bygt i 1891. Hotell Mundal i Fjærland gav rikfolk komfort ved fjorden, før dei inntok breheimen. For eit par år sidan fekk hotell ny eigar. Han makta ikkje drifta, og i fjor heldt hotellet stengd for første gong sidan andre verdskrigen.

14. mai vaknar hotellet til live igjen. På ein slump har Idar Kvam og Claire Giroux blitt hotellvertar. Ho frå Canada, han er sogndøl.

Kort tid etterpå vart dei kontakta av Gjøvik-investoren Ola Moe som har kjøpt hotellet. Det er litt som hotell i særklasse. Det nye vertskapet trur nettopp det blir fordelen i ein tøff marknad.