Hopp til innhold

- Moods of Norway er ei sjeldan pengemaskin i norsk motehistorie

På fem år har omsetninga til Moods of Norway blitt meir enn elleve gonger så høg og i fjor selde klesmerket frå Stryn for 291 millionar kroner.

Peder Børresen og Simen Staalnacke

UTBYTTEFEST: Simen Staalnacke (t.h.) og Peder Børresen og dei andre eigarane i Moods of Norway tok i fjor ut 50 millionar kroner i utbyte.

Foto: Johannessen, Sara / SCANPIX

Dei seks eigarane av Moods of Norway har blitt mangemillionærar på eventyret og berre i 2011 henta dei ut nær 50 millionar kroner i utbyte, skriv Dagens Næringsliv.

– Vi har lagt bak oss eit fantastisk år, seier dagleg leiar Nils Are Karstad Lysø til avisa.

Gjer suksess med «alt»

Og at det går godt for det karakteristiske klesmerket med base i Stryn er det ingen tvil om. Berre i løpet av fjoråret auka omsetninga på 40 prosent og selskapet har ein solid eigenkapital på 49 prosent ifølgje tal DN har henta inn.

Samtidig som klesgrunderande frå Stryn gjer suksess når dei inviterer til motevisningar i sin særeigne stil, går folk også mann av huse for å sikre seg dei nye produkta dei har lansert. Ein eigen sportskolleksjon og eigen parfyme var blant produkta som vart godt motteke i marknaden.

– Vi har utvida tal utsalsstader og varesortiment. Nye butikkar og varegrupper som klokker, sportsutstyr og parfyme har drege omsetninga vidare, seier Lysø til DN.

Sidan 2005 har eigarane teke ut til saman 75 millionar kroner i utbyte, ein sum Lysø ikkje vil kommentere i detalj. Han presiserer samtidig at det ikkje blir teke ut meir utbyte enn kva som er forsvarleg.

(Artikkelen held fram under biletet)

Moods of Norway med moteshow på Kongsgården

MOTESHOW: Stryningane er kjende for sine gigantiske moteshow i sin heilt særeigne stil. Her frå moteshowet på Kongsgården.

Foto: Kyrre Lien/Scanpix

– Uhyre sjeldan

Reidar Mueller er blant dei som har lagt merke til suksessen til Moods of Norway. Mueller er analytikar og partner i Hartmark Consulting og seier til DN at stryningane har etablert ei sjeldan pengemaskin i norsk motehistorie.

– Grunderande har etablert ei internasjonal merkevare og kan vise til ein vekst som er uhyre sjeldan i eit så tøft norsk klesmarknad som bransjen har opplevd i 2001, seier han og legg til:

– Det er rett og slett imponerande.

Den norske marknaden står framleis for 80 prosent av omsetnaden til Moods of Norway, men har over fleire år prøvd å bli større i USA. Ein Gråtass-traktor i gull og prøverom av utedoar har allereie sett stryningane på kartet i Los Angeles og no ser det ut til at dei om kort tid opnar butikk i New York.