NRK Meny

Gjer heilomvending om nedlegging

Selje kommune var i ferd med å leggje ned kulturskulen då dei innsåg at det ville vere ulovleg. Det dei ikkje visste då formannskapet samrøystes gjekk inn for forslaget, var at kulturskulen er eit lovpålagt tilbod i kommunane, det skriv Fjordenes Tidende. Rådmann Ørnulf Lillestøl seier det skjedde ein glipp han sjølv må ta ansvar for. No må kommunen kutte dei 115.000 kronene ein annan stad.