NRK Meny
Normal

Gjer deg klar for reine sydenvêret!

Her kjem dagens gladmelding: Det blir ein varm dag. Ein veldig varm dag...!

Supervêr i vente - her Luster
Foto: Geir Bjarte Hjetland / skjermdump frå yr / NRK

– Ja, det ser ut for at vi mange vil bikke 27 grader i skuggen i dag. Så det blir ein varm dag - ein veldig varm, seier statsmeteorolog Aslaug Skålevik Valved ved Vervarslinga på Vestlandet til NRK.no.

– Det er venta at temperaturane skal stige ein god del samanlikna med i går, og då var Stryn varmast med 27 grader. Folk må passe på husdyra sine, finne skugge, drikke og ventilasjon, seier Valved.

Varmt - men kanskje regnbyer

På store delar av Vestlandet er det venta temperaturar opp mot 30 grader, spesielt gjeld dette nabofylka i nord og sør, Møre og Romsdal og Hordaland. Det vil truleg bli eit par grader kjøligare i Sogn og Fjordane.

Men: Ein kan oppleve reine sydentemperaturane også her.

Godvêret skal vare ut veka på heile Vestlandet, men sjølv om det blir varmt kan det også komme eit par regnbyer dei neste dagane.

– Det er veldig mykje fint vêr, men det er utrygt for nokre ettermiddagsbyer onsdag og torsdag, seier Valved.

Ventar knallvêr også i helga

På grunn av varmen kan skyene byrje å torne seg oppover, og stige høgt.

– Det er utrygt for både byer, og kanskje torevêr, men det er litt større sjanse for torsdag enn onsdag.

– Korleis ser det ut med tanke på fredag og helga?

– Det blir eigentleg veldig likt, med temperaturar på over 25 grader og mykje sol. det er utrygt for lokale ettermiddagsbyer, seier Valved.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.