Gjenreising i Lærdal må vente på ny reguleringsplan - sist fornya i 1971

Gjenreisinga i Lærdal må vente til kommunen får på plass ein ny reguleringsplan for sentrum, stadfestar ordførar i Lærdal, Jan Geir Solheim.

Branntomt og ordførar i Lærdal

NY REGULERINGSPLAN: Gjenreisinga i Lærdal etter storbrannen i januar må vente til ny reguleringplan er på plass. Det stadfestar ordførar Jan Geir Solheim.

Foto: montasje / NRK

Den gamle reguleringsplanen stammar nemleg frå 1971.

– Det gjer den faktisk ja. På grunn av klimaendringar og endringar av krav frå myndigheitene så er det så mange ting som må utgreiast på nytt at vi må ta ein full reguleringsplan, seier ordførar Jan Geir Solheim (Sp).

Skulle sett på det før

Grunnen til at kommuneplanen til sentrum i kommunen er så gammal det har ikkje ordføraren eit godt svar på.

– Det er mogleg at vi skulle ha sett på det før, men det har faktisk ikkje vore i mine tankar.

Før gjenreisinga etter storbrannen kan byrje må Lærdal kommune fornye sin over 40 år gamle reguleringsplan.

Det betyr mellom anna både flaum- og skredkartlegging. Det siste tek NVE seg av, gratis. Dei har allereie vore på helikoptersynfaring. Noko ordføraren takknemleg for.

– Det betyr mykje. Og det betyr mykje at dei kjem så fort, for då vert arbeidet sett fort i gong, og då får vi resultat fort. seier Solheim.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

Gjenoppbygginga av Lærdal må vente på grunn av manglande planar og skredkart. 
Kommunen har ikkje oppdatert reguleringsplanen sin på 40 år. 
I dag kom NVE for å starte skredkartlegginga.

SJÅ TV-SAK

Tek seks månader

Det NVE har sagt at dersom det fører til at kommunen må byggje ein rasvoll langs riksvegen, så er utgangspunktet at dei dekker 80 prosent og kommunen 20 prosent av utgiftene.

Men det kan også søkast som dispensasjon i særskilde høve.

Kor tid reguleringsplanen vert ferdig er usikkert. Den kommunale sakshandsamaren har førespegla seks månader.

– Eg er usikker på om det inneheld alt, men visst seks månader er sagt som ein normal og vi får auke trykke og starta i morgon, så skal det ikkje ta så lang tid, seier ordføraren.

Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.
Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.