Hopp til innhold

Gjenopplev konserten med Sigrid Moldestad

Skjærtorsdag kan du finne fram påskesnopet, setje deg godt tilbake i godstolen og nyte ei songstemme av dei sjeldne.

Sigrid Moldestad

PÅ RADIO: Konserten som NRK Sogn og Fjordane og Åmot Operagard samarbeidde om, kan du høyre opp att Skjærtorsdag.

Foto: NRK

Då sender nemleg NRK P1 nær ein heil time frå konserten Sigrid Moldestad heldt på Åmot Operagard i fjor.

Konserten startar etter 21-nyhenda, og i løpet av dei 57 etterfølgjande minuttane, fyller låtar som «Samuline», «Himlen har sove bort mørkeret» og «Brevet» eteren.

HØYR KONSERTEN: Skru på radioen eller høyr på nettet frå klokka 21:03 skjærtorsdag.

– Det er eit heilt perfekt tidspunkt. Då kan folk lage mat, ete mat eller setje seg ned eller slappe av etter ein lang skidag, og ha meg i bakgrunnen, smiler Moldestad.

Andre påska på rad

Sjølv får ho ikkje høve til å få med seg konserten, når NRK for andre gong kringkastar delar av konserten.

Første gang var på TV i påska i fjor. Og Moldestad legg ikkje skjul på at dette er ein påsketradisjon ho godt kan bli vand med.

– Det var ei fantastisk oppleving å vere der, og gjere den konserten. Så det hadde ikkje vore meg i mot å få dette som ein tradisjon, humrar ho.

Live-stemning

Konserten gjekk føre seg i tett og varm stemning i ein fullsett operalåve like over nyttår i fjor. Alle av dei 118 billettane vart utselde på svært kort tid.

– Eg veit at opplevinga vi hadde var veldig god, og vi hadde eit fantastisk publikum. Så eg håpar at folk kan kose seg med opptaket, og at dei får den live-stemninga som var der, seier Moldestad og legg til:

– Eg håpar konserten står seg like godt utan bilete, men så er det jo slik at ein får dei beste bileta på radio.

NRK P1 kåra Sigrid Moldestad sitt siste album til det beste norske i 2014. I denne intimkonserten frå den sjarmerande Åmot Operagard i Sogn og Fjordane presenterer ho noko av det beste frå sine fire album. Vi kjem svært tett på ein folkeleg musikar som elskar å formidle i både ord og tonar.

SJÅ: Konserten med Sigrid Moldestad på Åmot Operagard.