Hopp til innhold

Det vil ta minst eitt år før dei brannråka kan flytte inn i nye hus

Forsikringsselskapa jobbar på spreng for å hjelpe dei råka etter storbrannen i Lærdal. Men for dei som har mista heimane sine vil det ta tid før nye hus er på plass – minst eitt år.

– Vi gjer alt som står i vår makt for at denne prosessen skal gå så fort og så smidig som mogleg, seier Inge Oksvik som er sjef for skadeoppgjer i IF forsikring.

Både IF, Tryg og Gjensidige har hatt folk på plass i Lærdal etter at den dramatiske brannen natt til søndag slukte 23 bygningar, av dei 16 bustadhus.

Skadane etter den veldige brannen vil truleg kome opp i mellom 100 og 150 millionar kroner, og oppbygginga av heimane til lærdølene vil ta tid.

– Totalt sett må ein nok rekne med at det vil ta minst eitt år, seier Oksvik.

Mange må starte heilt på nytt

Dei første meldingane om brannen på Lærdalsøyri kom like før klokka 23 laurdag kveld. På kort tid stod fleire hus i brann, og den sterke vinden spreidde den seg raskt.

23 bygningar er heilt nedbrunne, av dei 16 bustadhus. Fleire hundre personar vart evakuerte frå heimane sine, og mange har ingenting å reise tilbake til.

– Vi tenkjer først og fremst på dei som er råka. Det er ein tragedie for innbyggjarane. Mange har mista alt dei er glade i og vi vil prøve så godt vi kan å hjelpe dei raskast mogleg tilbake til ein normalsituasjon, seier Inge Oksvik i IF.

Av dei 16 nedbrente bustadhusa i Lærdal er fem IF-kundar, og selskapet reknar så langt med forsikringsskadar for mellom 25 og 30 millionar kroner.

– For alle desse kundane er det snakk om totalskader, der berre grunnmuren og kanskje pipa står att. Dei må starte heilt på nytt, seier Oksvik.

Lang prosess med gjenoppbygging

I den første fasen har forsikringsselskapa gjort det dei kan for å hjelpe dei brannråka med det mest nødvendige. Kontantar til innkjøp av dei mest nødvendige ting, og tak over hovudet den første tida.

Men etter kvart startar også arbeidet med gjenoppbygging. Det er ein prosess som vil ta tid, mest truleg vil dei aller fleste måtte vente minst eitt år før dei kan flytte inn i nye hus.

– Først skal politiet gjere sine undersøkingar, og så må branntomta bli frigitt. Deretter skal tomtene ryddast og klargjerast for oppbygging.

– Deretter blir det ein dialog med kunden om kva dei ønskjer for oppbygginga, og så følgjer ein søknadsprosess opp mot kommunen før ein kan starte sjølve oppbygginga, seier Oksvik.

Han seier ein slik prosess vil ta minst eitt år, men understrekar at det frå forsikringsselskapa si side vil bli jobba så effektivt som mogleg.

– Vi gjer det vi kan, seier Oksvik.

(Artikkelen held fram under)

Brann i Lærdal

DRAMATISK: Den sterke vinden gjorde til at brannen spreidde seg raskt. Fleire hundre innbyggjarar måtte evakuere.

Foto: Steinar Lote / NRK

– Ikkje vi som skal bremse prosessen

Også i Tryg og Gjensidige Forsikring lovar dei at arbeidet med gjenoppbygging skal bli prioritert.

– Det er ikkje forsikringsselskapa som skal bremse denne prosessen, seier kommunikasjonssjef i Tryg, Ole Irgens.

Tryg har førebels ikkje oversikt over kor store summar det er gjort skader for.

– Men totalt sett reknar ein med at skadane vil overstige 100 millionar kroner i Lærdal, seier han.

– Alle partar vil dette skal gå fort

Også kollegaen i Gjensidige seier dei gjer det dei kan for å hjelpe dei råka etter storbrannen. Informasjonsansvarleg Arne Voll seier det mest vanlege er at forsikringsselskapet tek styringa over gjenoppbygginga, i dialog med kunden.

– Vi veit at dette kan ta noko tid. Det er mange prosessar, men alle partar er interesserte i at dette skal gå så fort som mogleg, seier Voll i Gjensidige.

I Gjensidige har dei førebels ikkje oversikt over kor store summar det er gjort skader for.

– Det er underordna for oss kva dette har kosta. Det viktigaste for oss er å hjelpe kundane våre.

Kan gå fleire veker før folk kan flytte heim til hus som står

I tillegg til dei 23 bygningane som no er rekna som totalskadde, veit kommunen at det er fleire hus som er hardt prega av brannen. Nokre hus kan sjå fine ut på utsida, men vere så øydelagde innvendig av røyk og vatn at dei kan måtte rivast.

Huseigarar som hadde hell i uhell kan måtte vente i vekevis før dei kan få flytte heim att.

Sjølv med så mange råka på same tid understrekar forsikringsselskapa at dei har kapasitet til å hjelpe alle.

– Ingen skal vere redd for at forsikringsselskapa ikkje har kapasitet til å hjelpe dei. Vi handterer slike hendingar kvar dag, og vi veit kva folk har behov for, seier Irgens i Tryg.

(Artikkelen held fram under biletet)

Ødeleggelsene etter brannen i Lærdal

PÅ PLASS: Kripos sine etterforskarar var måndag ettermiddag på plass i Lærdal. Først når politiet har frigjeve branntomtene kan oppryddinga starte.

Foto: Marius Arnesen / NRK

Kommunen: – Dette blir prioritert

Gjenoppbygging av dei nedbrente husa var også eit tema då Lærdal kommune møtte statsminister Erna Solberg måndag. Solberg fekk sjå brannruinane på nært hald, noko som gjorde sterkt inntrykk.

Rådmann i Lærdal, Alf Olsen Jr. seier dei mest krevjande for dei vil vere å ha nok kapasitet til å gjennomføre arbeidet. Søknadane om gjenoppbygging skal dei ta unna så fort som mogleg.

– Vi vil prioritere å handsame søknadane så fort som det er forsvarleg og så fort det let seg gjere.

– Vi vil prøve så godt vi kan å hjelpe dei råka, understrekar han.