Gjennomslag for Måløyraidsenteret
Arbeidarpartiet snur og går likevel inn for å støtta eit senter i Måløy til minne om det dramatiske Måløyraidet under 2. verdskrigen. Etter ein årelang kamp er det difor politisk fleirtal i Sogn og Fjordane fylkeskommune til å yte ein eingongssum til senteret. – Ap går litt i seg sjølv, sa ein audmjuk Hilmar Høl (Ap) frå talarstolen på Fylkestinget i Loen.