Hopp til innhold

Gjennom 40 år bygde ho hagen sin - så kom flaumen og knuste livsverket

BREIM (NRK): I løpet av minutt vart hagen som Gerd Inger og mannen Kjell Risholm hadde brukt 40 år på bygge opp redusert til eit gjørmehol.

Gerd Inger Risholm

LIVSVERK: Hagen var hobbyen og livsverket til Gerd Inger Risholm. Ho er bestemt på å ikkje gi seg med hagearbeid.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

– Det kjem til å ta mange år før den blir som den var igjen, seier Gerd Inger Risholm.

Natt til måndag vart Nordfjord råka av eit kraftig uvêr. Eit av områda som vart hardast råka var Breim. Elva gjekk over sine breidder og feidde med seg alt som var planta i hagen til familien Risholm

Då Gerd Inger Risholm og mannen såg korleis ting såg ut utanfor etterpå, fekk dei sjokk.

Hagen til Gerd Inger Risholm før flaumen

FØR OG ETTER: Sundag bogna hagen av blomar og grøne vekstar. Etter skadeflaumen natt til måndag er det berre jord og stein er igjen av den ein gong så flotte hagen i Breim.

Foto: Privat

Måtte evakuere

Dei to låg og høyrde på uvêret om natta og fekk ikkje sove. Det dundra utanfor og då skjønte dei at det hadde skjedd noko.

– Plutseleg forandra alt seg då vi såg dette. Strie straumar. Det var ei sjokkoppleving, seier Gerd Inger Risholm.

Ei stund såg det ut til at dei to måtte bli henta ut av helikopter på grunn av den strie elva som sperra dei inne. Men dei greidde å komme seg ut med hjelp frå hjelpemannskap.

– Det var så stri straum at vi ikkje var sikre på om vi skulle greie det, seier Risholm.

rasert hage etter flaum

RASERT: Ein kan sjå konturane av den flotte hagen som var her. I løpet av kort tid blei den rive vekk av den strie elva.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Vil bygge opp att hagen

Den flotte hagen som forsvann har Gerd Inger Risholm jobba med i 40 år, og det har vore den store hobbyen hennar. No er den vekk, men Risholm er fast bestemt på at den skal tilbake.

– Eg har lyst til å ha den så fin som den var. Med hjelp skal vi få det til, seier ho.

– Dette kan ein ikkje starte på med handmakt. Her må det maskiner til, seier mannen hennar, Kjell Risholm.

Trass i store øydeleggingar i hagen deira, er dei takksame for at alt er bra med dei.

– Vi er i god form, og huset står. Det er det viktigaste, seier Gerd Inger Risholm.