og Jostein Nyfløtt.
Eit av vitna, som har forklart seg så langt, seier han kjenner igjen tiltalte, og at tiltalte slo til han med ei jarnstang. 12 vitner skal forklare seg for Sunnfjord tingrett.
Mange var innblanda i gjengslagsmål i oktober i fjor, og mange let seg sjokkere etter det valdelege oppgjeret mellom ungdommar av norsk og utanlandsk opphav i Førde i fjor. Ungdommane fauk på kvarandre utanfor ungdomsklubben Skrivarløa ein fredagskveld i oktober, og media skildra hendinga som eit gjengslagsmål med eit rasistisk forspel.
Mykje rasisme
I ettertid kom det sterke reaksjonar på det som hadde skjedd, og ungdom fortalde om eit hardt ungdomsmiljø med mykje rasisme og låg terskel for vald. Torsdag starta altså det rettslege etterspelet etter hendinga, med ein 28-åring med utanlandsk opphav åleine på tiltalebenken. Påtalemakta ser valdshandlingane som alvorlege og meiner mannen burde ha visst betre enn å gå laus på langt yngre ungdommar. Mannen sjølv stiller seg uforståande til heile tiltalen, seier forsvarar Bjarte Buanes.
Konfliktråd
Fleire ungdommar var involverte i slagsmålet, og 12 av dei som var utanfor Skrivarløa under slagsmålet møter som vitne i tingretten i dag. Men for dei seks-sju andre som var innblanda, har konfliktrådet vore endepunktet i saka. Og aktor Knut Broberg trur ikkje det skjer noko meir i kjølvatnet av det mykje omtala gjengslagsmålet.
Saka i Sunnfjord Tingrett blir avslutta fredag.