Hopp til innhold

Retten lytta til passasjeren sitt sterke ynskje

I løpet av ei veke gjorde sunnfjordingen seg skuld i fire simple tjuveri ulike stader i fylket og både oppbevaring og bruk av narkotika.

Bilen til tjuveribande

ENDA I GRØFTA: Politiet oppklara fleire lovbrot då kjærasteparet køyrde i grøfta på Jølster. No er begge dømde.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Mannen i 30-åra sona allereie ein tidlegare dom, då han nyleg møtte på nytt i Sogn og Fjordane tingrett. Sunnfjordingen og kjærasten vart pågripen etter ei utforkøyring i Jølster i oktober i fjor. Då oppklara også politiet tjuveri i både Høyanger, Gulen og Stryn .

I mai vart kjærasten til mannen dømd til åtte månader fengsel, med prøvetid på to år .

På mannen fann politiet 88 narkotiske tablettar. Sunnfjordingen i 30-åra hadde også brukt narkotika, mellom anna amfetamin.

I løpet av ei veke gjorde mannen, som av politiet blir skildra som ein gjengangar, seg skuld i seks lovbrot. Mannen erkjende straffskuld for forholda i Sogn og Fjordane tingrett.

Retten meinte tjuveria isolert sett kvalifiserte til kring sju månader fengsel, medan det berre mot oppbevaring av narkotika bør reagerast med fengsel i 60 dagar. Bruken kvalifiserte isolert sett til ei bot.

Med ni månader fengsel som utgangspunkt, fekk mannen strafferabatt for tilståinga.

– Etter dette er retten kome til at rett straff i saka er sju månader fengsel, skriv dommarfullmektig Erling Melvær.

Sunnfjordingen er dømd ei rekkje gonger før og lovbrota er i hovudsak narkotikarelatert.

Retten lytta til både forsvaret og aktoratet sitt framlegg om å dømme mannen til å gjennomføre eit program for å få bukt med narkotikaproblema.

Dette uttrykte også sunnfjordingen eit sterkt ynskje om.

Medan påtalemakta meinte at mannen burde sone delar av straffa, sa retten seg samd med forsvaret om at heile straffa skulle utsettast med prøvetid på tre år. Til frådrag i straffa kjem 88 dagar i varetekt.