Hopp til innhold

Vik kommune går på sparebluss - brukar likevel pengar på PR-byrå

Kommuneøkonomien i Vik er så stram at kommunen har vore, og er tvinga til å kutte med hard hand. Samtidig brukar kommunen ein halv millionar kroner på eit PR-byrå i kampen om å sikre tunnel under Vikafjellet.

Marta Finden Halset

RETT PENGEBRUK: Sjølv om kommuneøkonomien i Vik er stram meiner ordførar Marta Finden Halset det er heilt rett å bruke pengar på eit PR-byrå. Formannskapspolitikarane håpar byåret skal hjelpe dei med å vinne fram med kravet om tunnel under Vikafjellet.

Foto: Johan Moen / NRK

Riksveg 13 over Vikafjellet var i fjor vinter landets mest stengde riksveg. I til saman 50 døgn gjorde uvêr, ras og rasfare det umogleg for innbyggjarar og næringsliv å ta seg over fjellet.

Sjølv om kommuneøkonomien i Vik har vore stram i fleire år meiner ordførar Marta Finden Halset det er heilt rett å bruke ein halv million kroner på å leige inn eit PR-byrå for å jobbe med saka. Ho meiner det er så viktig å få på plass Vikafjellstunnelen at ho forsvarar pengebruken.

– Vi kunne sjølvsagt ha sete med hendene i fanget, og ikkje brukt pengar på noko. Men noko er vi nøydde å satse på og noko må vi gjere, seier ho til NRK.no.

Difor er vegen så viktig

I 2009 lova dåverande samferdsleminister Liv Signe Navarsete at riksveg 13 over Vikafjellet skulle vere vinteropen. Same år kom beskjeden om at vegen fekk status som stamveg. Dei to siste vintrane har vegen difor ikkje vore nattestengd.

Likevel har det blitt mange timar for vikjene utan veg over fjellet. Berre i fjor vinter var vegen stengd i til saman 50 døgn. Det gjer vegen til den mest stengde riksvegen i Norge.

Ordførar Marta Finden Halset har fleire gonger teke til orde for at noko må gjerast for å sikre vikjene betre vegsamband. I nær 50 år har kommunen kjempa for å få ein tunnel gjennom Vikafjellet, mellom Bødalen og Hola på Voss-sida.

– No er det vår tur. Det vert brukt mykje ressursar på å halde vegen open, men vêret kan vi ikkje styre. Difor er den einaste løysinga at vi får ein tunnel, sa Finden Halset til NRK.no i februar.

(Artikkelen held fram under biletet)

Riksveg 13 over Vikafjellet skal vera ein heilårs riksveg, 
- sist vinter stengd i 50 døgn. I Vik blir det no mobilisert for å få pengar til ny tunnel.

TUNNEL: Vik kommune skal jobbe knallhardt fram mot mars. Håpet er at dei får

– Denne vegen det dreiar seg om

Seinast for ein månad sidan var ho ute på Facebook og bad innbyggjarane tenkje seg godt om fram mot neste val. Ho meinte partia si innstilling til Vikafjellsvegen måtte bli avgjerande for kva parti folk skulle stemme på.

– No er det denne vegen det dreiar seg om for Vik. Skal vi få eit heilårs vegsamband med omverda og ta del i velferdsordningane og goda som vi har i Europas rikaste land? sa Finden Halset til NRK.no i oktober.

Ho er djupt skuffa over at tunnel under Vikafjellet ikkje kom med i den siste Nasjonal Transportplan.

Mange år på sparebluss

Og formannskapspolitikarane i Vik er samde om at Vikafjellsvegen er svært viktig for kommunen no. I mars kjem stortingsmeldinga om vegprioriteringar og fram til då skal dei ha fullt fokus på å påverke der dei kan.

Eit samla formannskap har difor bestemt seg for å bruke ein halv million kroner på eit PR-byrå som skal hjelpe dei med å nå fram med kravet sitt. Det skjer samtidig som Vik dei neste fire åra må dekke inn 60 millionar kroner. Kutt i dei kommunale tenestene er slett ikkje noko nytt for innbyggjarane.

Vik kommune var ein av sju kommunar som i 2007 tapte store summar på Terra-skandalen. Etterverknadene er her framleis og etter mange år på sparebluss ventar fire nye år med kutt.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

5 år etter Terra-skandalen kan Vik skimta ei betre framtid.

SPAREBLUSS: Kutt på kutt har blitt kvardagen for mange innbyggjarar i dei gjeldstynga Terra-kommunane.

– Den beste næringsutviklinga

Men ein kommuneøkonomi på sparebluss legg tydelegvis inga hindring for å bruke pengar på å leige inn Geelmuyden.Kiese. Ordførar Marta Finden Halset understrekar at den halve millionen dei brukar på dette er pengar som kjem frå kraftfondet, og som uansett ikkje kunne blitt brukt til drift.

– Å arbeide for sikkert vegsamband er den beste næringsutviklinga for Vik kommune. Vi finn det difor rett å bruke av næringsfondet til å kjøpe hjelpa slik.

– Alternativet kunne vere, som dei andre vegprosjekta rundt oss, å tilsette ein prosjektleiar, seier ordføraren.

– Vi prøver å påverke i alle baugar og kantar det går an å påverke. Vi har eit håp om å kome oss inn på stortingsmeldinga som skal leggjast fram i mars, seier Finden Halset.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Vil ikkje kommentere

Etter at formannskapet gjorde vedtaket hadde dei PR-jobben ute på anbod. Geelmuyden.Kiese leverte ifølgje ordføraren det billigaste og beste tilbodet.

Men kva kan så eit PR-byrå hjelpe kommunen med som ikkje polikarane kunne klart sjølve?

Øyvind O. Olufsen i Geelmuyden.Kiese vil ikkje la seg intervjue og viser til Vik kommune for kommentarar.

– Vi har alt å vinne

Finden Halset er på si side sikker på at dette er rett bruk av pengane.

– Fram til mars har vi alt å vinne, vi kan ikkje tillate oss å sitje med henda i fanget.

– Eg høyrer at det er mange kommunar som kjøper seg litt draghjelp for å kome seg inn i dei ulike korridorane og posisjonane, og eg er sikker på at dette er rett val for Vik kommune.