Hopp til innhold

Mange skisenter har gjeld i millionklassen – samtidig let sesongstarten vente på seg

Berre tre av skisentera i Sogn og Fjordane har så langt opna heisane sine denne sesongen. Det er dårleg nytt for mange av sentera som allereie har gjeld i millionklassen.

Sogndal skisenter Hodlekve

EIN AV FÅ OPNE BAKKAR: Sogndal skisenter Hodlekve er blant dei tre skisentera som har kunne opne. Fleire andre manglar framleis nok snø.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Lyden av skiheisar og folk med ski på beina kan du berre høyre ved Sogn skisenter på Hafslo, Hornindal skisenter og Sogndal skisenter Hodlekve.

Og med snømanko i størsteparten av fylket kan det gå tid før dei andre sentera opnar.

Førebels er Sogn den beste moglegheita. Dit hadde mellom anna florøværingane Svenn-Roger Sørensen og Frode Torvanger teke turen.

– Det er her det er snø rett og slett, så vi har ikkje noko val. Til vanleg brukar vi som regel reise til skisenteret på Jølster, seier dei to.

Ventar enno på snøen

På skisenteret i Sogndalsdalen har dei hatt ei veldig godt besøkt romjul, og pengane renn inn. Men det har vore lite pengar i kassa hos dei andre sentera som enno ikkje har opna.

Og ein treig sesongstart er dårleg nytt, mange skisenter har gjeld i millionklassen.

– Dette er ikkje noko kjekt i det heile teke, vedgår Robert Engeland om den treige sesongstarten.

Han er dagleg leiar ved Harpefossen skisenter i Eid, der manglar dei enno nokre centimeter med snø for å få opna delar av anlegget.

(Artikkelen held fram under biletet)

Harpefossen webkamera 27.12.13

MANGLAR SNØ: Harpefossen skisenter manglar framleis snø. Biletet er frå skisenteret sitt webkamera den 27. desember 2013.

Foto: Webkamera

– Gjelda skuldast investeringar

Men kvar dag utan snø betyr ein ny dag utan folk som betalar for å stå på ski. Det er ikkje ein god start på sesongen, spesielt med tanke på at 2013 vart eit dårleg år økonomisk for skisenteret i Nordfjord.

– Det er ikkje noko hemmelegheit at tala for 2013 er raude, så dette er ein dårleg start for 2014.

– Men det er ikkje noko vi kan gjere noko med, anna enn å vere positive, seier Engeland.

Han understrekar at gjelda dei har opparbeidd seg skuldast investeringar som er til det beste for framtida for senteret.

– Det skuldast investeringar som skal gjere oss meir budde på ting som snømangel, og som skal gjere at vi kan ha tilbod heile året, seier han.

(Artikkelen held fram under)

Svenn-Roger Sørensen og Frode Torvanger

FRÅ FLORØ: Svenn-Roger Sørensen og Frode Torvanger hadde teke turen til skisenteret i Sogndalsdalen for å boltre seg på ski.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Ser likevel positivt på framtida

Ifølgje årsrekneskapen hadde Harpefossen skisenter i Eid 10,6 millionar kroner i gjeld i 2012. Stryn vinterski hadde 6,7 millionar kroner i gjeld, medan Jølster skisenter hadde 9,5 millionar kroner.

Men Doonovan Goosen som er dagleg leiar ved Jølster skisenter ser framover med optimisme.

– Vi hadde ein fantastisk god sesong i fjor, og gjekk faktisk fleire hundre tusen kroner i pluss.

Han seier gjelda i stor grad skuldast avskrivingar på stolheisen.

– Men driftsmessig var det ein god sesong og vi føler vi ligg godt an, seier Goosen.

Har trua på god sesong

Dagleg leiar i Sogndal Skisenter, Ola Alsterholm

HAR TRUA: Dagleg leiar Ola Alsterholm ved Sogndal skisenter har trua på ein god sesong.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

I Sogndal går kassaapparatet ved Hodlekve skisenter nesten varmt. Mot slutten av månaden skal den nye skiheisen opne.

Dagleg leiar Ola Alsterholm gler seg over travle dagar.

– Det har vore enormt trykk, og det har vore nesten fleire tilreisande enn lokale fleire dagar, seier Alsterholm.

– Korleis blir årets sesong?

– Vi får eit nytt trekk som opnar i slutten av januar, og det ser vi fram til. Det vil opne opp for store nye areal, og allereie har vi godt førehandssal av sesongkort, seier Alsterholm.