Hopp til innhold

Gjeldsslave trugar rettstryggleiken

At dyslektikarar risikerer å bli gjeldsslave ved å prøve saka si for retten, trugar den norske rettstryggleiken, meiner Dysleksiforbundet.

Jøran Mossestad

Jøran Mossestad

Foto: Arne Stubhaug / NRK

26-år gamle Jøran Mossestad slit med ei 600.000 kroner stor gjeld etter å ha tapt to rundar i retten mot Vik kommune Han saksøkte kommunen for mangelfull opplæring, og sit i dag igjen med sakskostnadene.

Feil signal

Heidi Rimmen i Dysleksiforbundet meiner det offentlege her har eit ansvar.

- Det sender ut eit signal til andre om at dei ikkje skal prøve seg. Du kan risikere å ende opp i same uføre som meg.

- Kva inneberer det ?

- Det betyr at rettstryggleiken til unge som no er under utdanning, og har vore under utdanning, ikkje er ivaretatt.

- Kven tørr å gå gjennom den belastninga når det gjeld ei slik sak? For her må du gå gjennom barndomen, skulegangen og alle dei nederlaga du har vore gjennom i oppveksten og utdanninga og oppleve dei ein gong til. Og så veit du at du samstundes risikerer å sitte att med det økonomiske ansvaret.

Sjå TV-innslag: Slit med gjeld etter søksmål

Økonomisk ryggdekning

Heidi Rimmen

Heidi Rimmen

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Rimmen meiner difor at det offentlege bør ha ei økonomisk ordning for unge som vil prøve slike saker for retten.

- Ein bør ha ei viss økonomisk ryggdekning på prosessen, og ikkje ta alle utgiftene sjølve.

- Og det er viktig at advokatane er så reielege at dei ser på realitetane og ikkje går til sak på noko som ikkje er ei sak, seier ho.

- Eg trur det riktige her er at det vil vere statlege ordningar som finansierte dette her.

- Viktig sak

Men Mossestad på si side meiner det var viktig for han å ta saka, sjølv om kostnaden vart stor.

- Det var verdt å få det fram i søkjelyset så kanskje andre folk kan stå fram og fortelje korleis situasjonen har vore for dei.