NRK Meny

Gjekk til topps med brev til underlivet

Med fyrrig penn og skarpe beskrivelsar av gynekologbesøket sitt gjekk Ane Barmen frå Vågsøy til topps i skrivekonkurranse.

Tok opp eit tema mange tykkjer er tabu

MÅ PRATAST OM: - Eg trur det er god, gammaldags skam som ligg og lurer i krokane, og er grunnen til at ein gruer seg litt ekstra, seier Ane Barmen.

Foto: Solfrid Leirgul Øvrebø/privat / NRK

Artikkelen er mer enn ett år gammel.

Ho tevla mot meir enn 100 andre skribentar då ho til slutt stakk av med den gjævaste prisen i skrivekonkurransen, der temaet for konkurransen var kvinneliv i Norge i 2015.

– Eg sat der med innkalling til gynekologtime og kom til å tenkje på at dette er ein stor del av kvinnelivet. Dermed fann eg ut at eg skulle skrive eit brev til mitt eige underliv, seier Barmen.

Er ikkje noko å skamme seg over

Essensen i teksten, som du kan lese i sin heilskap her, er kjenslene mange kvinner har når dei hamnar i stolen hjå gynekologen.

– Eg trur det er god, gammaldags skam som ligg og lurer i krokane. Det er også noko av grunnen til at eg valde å skrive om det, seier Barmen.

Dette er noko som alle kvinner må gjere innimellom, og det må vi ikkje skamme oss over å snakke om.

Ane Barmen

Ho har fått tilbakemeldingar på at ho er modig som skriv om noko som er så privat, men det er ho ikkje heilt samd i.

– Det er jo ikkje det. Dette er noko som alle kvinner må gjere innimellom, og det må vi ikkje skamme oss over å snakke om, seier Barmen.

Ypparleg til festbruk

Sjølv har ho ein låg terskel for å dele opplevingar, og i vennegjengen hennar hender det titt og ofte at dei er innom tematikken.

– Det er noko av det mest morosame å snakke om på fest. Det kan eg tilrå alle jenter å gjere på fest, seier Barmen.

Mange har gitt henne tilbakemeldingar på at dei kjenner seg godt att i teksten hennar. Men nokon har også vore negative.

– Eg har oppfatta at det har vore nokre sure mannfolk som har lurt på om dette er noko å sutre over. Men eg skuggar over kommentarfelt. Eg held meg til dei som er positive, seier Barmen.

– Trur du gynekologar kunne lært noko av det du har skrive?

– Det kan hende. Men eg går ut ifrå at dei fleste av dei veit kor utruleg kleint og ekkelt det er å blotte seg for eit ukjent menneske, seier Barmen.

Navnestrid i Sunnfjord
2200 villrein i Nordfjell skal avlivast, men jegerane er ikkje nøgde. 
   
Dab-dekning i tunnelar