Hopp til innhold

Kompisar gjekk til topps i ølbryggingskonkurranse

Kompisgjengen frå Måløy har berre brygga øl i halvanna år. Stor var difor overraskinga då dei gjekk til topps i si klasse under ølmeisterskapen i Enköping i Sverige i helga.

Til topps i ølkonkurranse.

TIL TOPPS: Ørjan Halnes (f.v.), Daniel Henriksson og Tom Andre Hopland vann klassa si under Enköpings Åpna Mesterskap i ølbrygging 2014.

Foto: Privat

– Vi hadde i grunnen ikkje større forventingar enn å klare å få ølet ut av fatet. Det er første gong vi har brygga på fat og ikkje på flasker. Så vi vart gledeleg overraska, ja, seier Tom André Hopland.

Ølkonkurranse

POPULÆRT: Tom Andre Hopland serverer øl til nyfikne publikumarar.

Foto: Privat

Måløyværingane gjekk dermed til topps i ein av dei største konkurransane i ølbrygging i Norden. Den årlege konkurransen vart arrangert i Enköping i Sverige.

Saman med dei fire kompisane Ørjan Halnes, Daniel Henriksson, Eirik Holvik og Kent Arild Apneseth tok han til med ølbrygging for moro skuld for halvtanna år sidan.

– Det var no mest for gøy. Ein av kompisane, Daniel, er frå Enköping i Sverige, så vi var til stades på festivalen også i fjor, men då som publikum, seier Hopland.

Forsvann fort

Om lag 50 øl er med i konkurransen, som går føre seg ved at dei vel 1000 deltakarane smakar seg gjennom øltypane og stemmer fram den dei likar best. I konkurransen deltek både amatørar og profesjonelle.

(Artikkelen held fram under biletet)

Open svensk meisterskap i ølbrygging

TETTPAKKA: Ølmeisterskapen samla mykje folk.

Foto: Privat

Det er tre klassar, overgjæra, undergjæra og spesialøl.

– Vårt øl var med i klassen for overgjera, og vann med god margin, seier Hopland.

Karane hadde med seg 60 liter øl til Sverige, og det var nesten for lite.

– Det forsvann fort, og det var til og med folk som ikkje fekk smake, seier Hopland.

Det var 12-15 andre øl i klassen som måløyværingane vann.

Typisk lyst sommarøl

Ølet som dei deltok med, er laga utifrå ei belgisk oppskrift, men så har dei modifisert den litt sjølv.

– Vi har lese og funne oppskrifter som vi har prøvd ut sjølve, og så har til bytta ut noko og lagt til anna, seier Hopland.

Stryningar til topps i svensk ølkonkurranse

RIFT: Daniel HEnriksson hadde sitt fulle hyre med å servere ølentusiastar.

Foto: Privat

Ølet, som ber namnet «saison», sesong på fransk, er eit typisk sommarøl av typen lys ale, som kjem frå dei franske delane av Belgia, fortel Hopland.

Men ølbrygging er tidkrevjande greier, og så tek det plass.

– Heldigvis er Ørjan singel og som har garasje, så der har vi ordna oss til, ler Hopland, men legg til at dei er på leit etter eit meir egna lokale for karane i det Vestlandske Ølcompagni.

70 liter i slengen

Sjølve brygginga tek ei heil helg, og då lagar dei 70 liter i slengen.

– Til vanleg er vi alle fem når vi bryggjer, men det ølet som vi deltok med i Sverige, var det tre av oss som stod for, seier Hopland.

Og sigeren i Sverige har gjeve meirsmak, sjølv om premien berre var heider, ære og ein medalje.

– Vi er veldig nøgde, så eg ser ikkje vekk frå at vi stiller til neste år også, seier Hopland.