Gjekk til angrep på tilsett i barnevernet

Ein av dei tilsette i barnevernet i Stryn vart torsdag ettermiddag angripen på open gate då vedkomande var på veg heim frå jobb.

Stryn Torg

ANGRIPEN UTANFOR JOBB: Den til sette i barnevernet vart angripen utanfor jobben sin her ved kommunehuset i Stryn.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Det var fleire vitne til hendinga, og politiet held fredag på med avhøyr.

– Dette skjedde utanfor kommunehuset, der barnevernet held til, seier rådmann i Stryn kommune Rune Hovde.

Han fortel at kommunen i dag har sete i møte for å finne ut korleis dei skal handtere saka og ta vare på dei tilsette i barnevernet.

– Det er ei alvorleg og det er ei belastning for personen som er utsett for angrepet, men også for dei andre tilsette i barnevernet og kommunen, seier Hovde.

Den tilsette fekk ikkje alvorlege fysiske skadar, men har vore til lege.

Politiet avhøyrer vitne

Politiet i Stryn seier at dei etterforskar valdsepisoden og held på med avhøyr av vitne fredag. Også barnevernet i Stryn stadfestar at ein av deira tilsette vart angripen.

– Vi har avhøyrt fleire vitne, og personane som var involvert. Det er likevel for tidleg å seie så mykje meir, seier Tor Egedahl i politiet i Stryn.

Rådmannen understrekar at kommunen ser svært alvorleg på at ein av deira tilsette er utsett for vald.

– Mest truleg er angrepet knytt til den jobben barnevernet gjer, og Stryn kommune kjem til å melde saka, seier rådmannen. NRK kjenner til at saka allereie er meldt til politiet.

Det er ikkje første gong at tilsette i barnevernet vert utsett for vald, i 2014 vart ein barnevernstilsett på Otta utsett for vald.

300 menneske demonstrerte mot barnevernet

I nettopp Stryn har nokre folk tidlegare vore kritiske til korleis barnevernet arbeidar, og i 2016 demonstrerte rundt 300 menneske mot barnevernet i Noreg med plakatar og tog.

Ein av dei som var med på å organisere demonstrasjonen i 2016 seier at han ikkje er overraska over det som no har skjedd. Han har sjølv vore i konflikt med barnevernet.

– Eg tek avstand frå bruk av vald, men eg har venta at noko slikt kunne skje, seier mannen, som NRK har valt å anonymisere.