Gjekk på smell i seriepremiera

Førde fekk den verst tenkelege starten på årets eliteserie i volleyball.

Tor Kristian Kvammen

Kaptein Tor Kristian Kvammen og Førde fekk ein tung start på serien borte mot Tromsø.

Foto: Rune Fossum / NRK

Sunnfjordingane tek sikte på å ta opp gullkampen mot Nyborg, men svikta i seriepremiera borte mot Tromsø. Oppgjeret enda til slutt3-2 (26-24, 23-25, 25-29, 22-25 og 15-9) i favør av heimelaget.

Nils Edvin Numme stod fram som Førde sin mest verdifulle spelar då han sikra laget 18 av deira 102 poeng.