Hopp til innhold

Gjekk med på lønskutt for Sogndal

SOGNDAL - BRYNE 3-1 (NRK): Thomas Drage viste seg fram med fart og finter då Sogndal senka Bryne. Nysigneringa har gått ned i løn for å få fart på karrieren igjen.

Thomas Drage med ballen i debuten for Sogndal

FULL FRES: Thomas Drage viste seg fram med stort tempo, og utfordra stadig vekk på kanten sin.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

– Det var ikkje eit vanskeleg val. Eg spelar ikkje fotball på grunn av pengar, seier Thomas Drage.

Han var ein viktig bidragsytar då Sogndal kom seg tilbake på vinnarsporet etter fire strake kampar utan siger. Først og fremst med målgjevande pasning på ein corner, der Babacarr Sarr sette inn 2-0 – men også med fart og utfordrande kantspel.

Han er overtydd om at overgangen frå Tromsø var det rette for han. Så overtydd at han gjekk med på lønskutt det halve året kontrakten hans med Sogndal varer.

– Ja, eg har gått ned i løn. For meg er det viktigare å få spele fotball og utvikle meg vidare enn å tenkje pengar, seier Drage.

Fekk skryt frå trenaren etter debuten

23-åringen fekk for fire år sidan det store gjennombrotet i norsk toppfotball, då han hadde fire mål og elleve målgjevande pasningar for Tromsø i eliteserien. Tidleg i 2012 debuterte han på A-landslaget.

– Så fekk eg problem med allergi og slikt. Men no har eg funne ut av det, og føler meg i fin fysisk form, seier Drage.

Måndag fekk han tillit frå start då Petter Strand kjende på ein småskade før kampstart.

– Eg er godt nøgd med måten han kjem inn og løyser ting på. Han er lett til beins, og det var godt for han å få 90 minutt her, seier trenar Eirik Bakke.

Eirik Bakke dirigerer frå benken

LIKTE DET HAN SÅG: Eirik Bakke var nøgd med debuten til Thomas Drage.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Vil gjerne prøve seg i utlandet på sikt

Sjølv legg ikkje Drage skjul på at han vil opp og fram. Først ved å hjelpe Sogndal til opprykk – og så kan det eventuelt bli aktuelt å halde fram i klubben i eliteserien.

På sikt freistar spel i utlandet.

– Eg vil gjerne prøve meg ute ein dag. Det vil jo alle som spelar fotball. Men akkurat no er eg veldig godt nøgd med å vere her, seier kantspelaren.

Tilbake mellom stengene - nesten eitt år etter

Lenger bak på bana fekk Mathias Dyngeland endeleg sine første minutt frå start denne sesongen. Han har ikkje spelt for førstelaget sidan Sogndal var i eliteserien.

Grunnen: 19-åringen fekk i april eit brot i fingeren, og det enda med operasjon og ei metallplate i handa. Først no er han klar for fullt.

– Dette var herleg. Det er nesten eitt år sidan sist. Eg synest det gjekk greitt, seier Dyngeland.

– Korleis ser du på sjansane dine no framover?

– Eg håpar at innsatsen i dag gjer at eg får sjansen på torsdag også.

Mathias Dyngeland var nøgd med å vere tilbake etter langt skadeavbrekk.

EITT ÅR ETTER - NESTEN: Mathias Dyngeland var glad for endeleg å vere tilbake i Sogndal-buret. Reporter: Rune Fossum. Foto: Heidi Lise Bakke

Slik «avgjorde» Sogndal kampen på ein halvtime

Keeperen er klar på at trepoengaren var svært viktig. No har Sogndal igjen ei luke på seks poeng ned til Sandnes Ulf på andreplass på tabellen.

– Dette er eitt steg nærmare eliteserien 2016, seier Dyngeland.

Det var Bryne som kom best i gang, men etter ti minutt festa heimelaget grepet om kampen. Då losna det også framfor mål:

  • 1-0, 14 minutt: Eit langt innkast gjekk via Bjørn Inge Utvik og ramla ned på bakarste stolpe, der Mahatma Otoo hadde ein enkel jobb med å klinke ballen i nota.
  • 2-0, 17 minutt: Ein corner frå debutant Thomas Drage fann Babacarr Sarr på næraste stolpe, som meisterleg tok ballen på direkten og moka den i mål.
  • 3-0, 42 minutt: Victor Grodås kasta langt inn, Babacarr Sarr stussa vidare - og så kom Bjørn Inge Utvik med eit klokkereint treff med pannebrasken.

Sjølv om Bryne kom meir med i kampen, og fekk ei redusering etter pause, hadde Sogndal stort sett kontroll utover i oppgjeret. Trass litt lågare tempo utover i kampen, var det aldri tvil om kor dei tre poenga ville hamne.

– Spelarane var veldig revansjesugne etter sist helg. No gjorde det godt med ein trepoengar etter fire kampar utan siger, seier trenar Eirik Bakke.

– Eg er veldig godt nøgd med måten vi løyste ting på i dag, legg han til.

Trenar Eirik Bakke smilte breitt etter Sogndal-Bryne

SER FRAMOVER: Trenar Eirik Bakke meiner dei kommande kampane mot Fredrikstad og Brann blir viktige. Reporter: Rune Fossum. Foto: Heidi Lise Bakke