NRK Meny
Normal

Gjekk med kniv og stal to høgtalarar - no må han i fengsel

Ein 20 år gammal sunnfjording er i Fjordane tingrett dømd til 90 dagar fengsel, 75 av dei på vilkår, etter at han gjekk med kniv i Florø sentrum, samt braut seg inn og stal to høgtalarar.

Fjordene tingrett
Foto: Nyhetsspiller

Det var i mars i år at mannen knuste inngangsdøra på eit husvære i Florø og stal to høgtalarar som var i huset.

Dagen etter bar han anten ein slirekniv med 11,1 centimeter langt blad og/eller ein foldekniv med 4,9 centimeter langt knivblad i Florø sentrum.

Mannen tilstod utan atterhald i retten, og samtykka i tilståingsdom.

Vart gjort i prøvetida

Påtalemakta la ned påstand om 75 dagar fengsel. Men retten kom etter ei samla vurdering fram til at straffa burde setjast til 90 dagar fengsel, kor av 75 dagar er på vilkår.

Retten bestemte at straffa skal dømmast som fellestraff med ein dom på vilkår som mannen har frå Fjordane tingrett frå januar 2014. Retten såg det som straffeskjerpande at handlingane vart gjort i prøvetida frå førre dom.

Mannen fortalde i retten at han angra på det han hadde gjort, og at han hadde bedd fornærma om unnskyldning og skværa opp etter hendinga.

I tillegg til fengselsstraffa inndrog politiet dei to knivane til mannen.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser