Hopp til innhold

Gjekk laus på kvarandre i fylla

Dei to personane som barka saman på asylmottaket i Førde fredag kveld skal ha drukke alkohol saman før basketaket.

Førde asylmottak på Bergum

ARKIVBILETE: Dei to personane skal ha drukke saman før dei gjekk laus på kvarandre.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Politiet fekk i 21.20-tida fredag kveld melding om bråk ved asylmottaket på Bergum. To personar hadde gått i klinsj, og det vart meldt at den eine av dei var medvitslaus då ambulansen frakta han til sjukehus.

Begge personane fekk legetilsyn før dei fekk overnatte i arresten. I løpet av helga er dei to blitt avhøyrde, og ifølgje Firda er politiet sin førebelse konklusjon at det dreier seg om eit fylleslagsmål.

– Dei to kamphanane har drukke i lag, og så har det eine ført til den andre. Den eine erkjenner straffskuld for å ha slått den andre, medan den andre ikkje erkjenner straffskuld for vald mot den andre, seier operasjonsleiar Ole Tom Nord ved Sogn og Fjordane politidistrikt til NRK.no.

Førde lensmannskontor held fram etterforskinga.