Hopp til innhold

Mann i 40-åra gjekk laus på bil med øks

Ein mann er teken hand om av politiet etter at han gjekk laus på ein bil med øks.

Gjekk laus på bil med øks

Politiet fekk melding 16.40 om ein mann som hadde gått laus på ein bil med øks i Gamle Vievegen i Førde.

– Vi har ikkje oversikt over skadane enda, men vi har ei patrulje på staden no, seier operasjonsleiar hjå politiet, Kjetil Avsnes.

Mannen er mellom 40–50 år gammal og Avsnes nemner også at det skal vere snakk om psykiatri. Mannen vert framstilt for lege.

– Ingen personar har kome til skade, seier Avsens