Hopp til innhold

Gjekk inn for riving av Harastølen

– Nok er nok, seier ordførar Ivar Kvalen. No har Luster kommune og eigaren av Harastølen bestemt seg: Bygget blir snart historie.

Gamle Lyster sanatorium på Harastølen

SKAL RIVE BYGGET: Både Luster kommune og eigar av bygget, Tinfos AS, er no samde om at hovudbygget på Harastølen skal rivast.

Foto: Raymond Lidal / NRK

Det var hovudkonklusjonen etter eit møte måndag, skriv Sogn Avis i dag. Politikarane sette fram krav om riving på eit formannskapsmøte i slutten av april og sjølv om det fell ordføraren tungt for brystet, er det no riving som blir enda på visa.

– Å rive Harastølen er ikkje noko lett sak. Eg er ikkje i tvil om at eg heller ville ønskt anna utfall. Men ein stad må ein seie nok er nok. Eg er nøgd med at vi no har ein framdriftsplan, seier Kvalen til Sogn Avis.

Det gamle bygget som i si tid vart bygd opp som eit spesialsjukehus, står no til forfall. Ungdom driv med hærverk, og energiselskapet Tinfos AS, som eig eigedomen, er ikkje interesserte i det gamle bygget.

Kommunen har lenge håpa at nokon skal vere interesserte i Harastølen, men det er det altså ikkje.

Ordføraren seier til Sogn Avis at det skal lagast ein grovskissa plan for området. Denne skal vere klar etter sommaren. I tillegg skal det lagast ein rivingsplan for hovudbygget på Harastølen og ein utviklingsplan for resten av området parallelt med dette.

– Riving kan tidlegast skje våren 2013, seier Kvalen til avisa.

I tillegg til at hovudbygget på Harastølen skal rivast, vil ein også rive taubanestasjonen som lenge har vore ein flaskehals på vegen mellom Gaupne og Skjolden.

Video Harastølen forfell