NRK Meny
Normal

Jørn og Linn gjekk i to timar opp på stupet for å ta dei perfekte brudebileta

Etter eit spektakulært frieri i fjor, kunne ikkje bryllaupsbileta vere noko dårlegare. Med dress og brudekjole i sekken klatra dei opp den stupbratte fjellsida.

Jørn Lund og Linn Fjæren

FLOTT UTSIKT: Nedanfor stupet ligg Høyanger sentrum. To timar og sju minutt brukte dei på turen opp.

Foto: Arvid Fimreite

– Men vi trudde faktisk ikkje at vi skulle få det til, fortel Linn Fjæren i Høyanger.

Det heile starta i august i fjor. Jørn Lund lokka med seg kjærasten sin Linn på fjelltur, til det majestetiske fjellet Gråberget som ruvar over Høyanger sentrum.

Vel oppe på kanten av det 800 meter høge stupet, sette Jørn på romantisk musikk på mobilen og bad ho om å kikke ned mot Høyanger. Nede på marka under stupet stod det: "Linn vil du gifte deg med meg".

Jørn Lund fridde med 350 kvm presenning

LANGT NED: Frå toppen av Gråberget i Høyanger kunne Linn sjå kva Jørn hadde skrive på den 350 kvadratmeter store presenning på marka 800 meter rett ned. 10 liter måling gjekk med.

Foto: Privat

– Heilt fantastisk å komme opp

I juni stod sjølve bryllaupet. I helga tok dei bryllaupsbileta litt utanom det vanlege. For slike bileta som dette, går det ikkje an å ta på sjølve bryllaupsdagen med 140 gjester.

– Det var fotograf Arvid Fimreite som føreslo at vi kunne ta bilete frå Gråberget seinare.

Og på søndag passa det. I flott haustvêr, vindstille og med god utsikt. Dei valde den kortaste, men brattaste, vegen opp.

– Vi brukte to timar og sju minutt på turen. Vi måtte klatre og halde oss i tau, men det gjekk betre å gå enn eg trudde. Det var heilt fantastisk å komme opp.

Med på turen var fotografen og ein assistent. Og tre tunge sekker med fotoutstyr, brudekjole og dress.

– Vi hadde med handkle til å tørke av oss det verste og let det stå til. Eg tykkjer bileta blei heilt fantastiske.

Linn Fjæren og Jørn Lund

FAVORITTBILETET: Dette er det biletet Linn Fjæren likar best, med utsikt over Høyangsfjorden.

Foto: Arvid Fimreite

Aldri teke bryllaupsbilete her før

Sjølve fotograferinga tok ein times tid, med flott utsikt både over Høyanger sentrum og Høyangsfjorden. Fotograf Arvid Fimreite har teke bryllaupsbilete i ti år og likar best når det blir utfordringar og er litt ekstremt.

Gråberget i Høyanger

GRÅBERGET (849 moh.): Fjellet ruvar over Høyanger sentrum og paret valde å ta bileta på toppen her.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Eg har teke bryllaupsbilete på fjelltoppar tidlegare, men aldri på Gråberget. Eg er godt nøgd med resultatet. Det er stort å få vise fram den fantastiske naturen i Sogn og Fjordane og det som er eit av dei lukkelegaste augneblikka i livet til eit par, seier Fimreite som til dagleg jobbar som journalist i lokalavisa.

– Kvifor gjer du dette?

– Eg gir kva som helst for eit godt bilete og likar å slite litt. Men eg er mest imponert over paret som stod stille der så lenge medan dei blei fotograferte.

Då bileta var i boks og nista var eten, var det å skifte til turklede igjen før ein minst like strabasiøs og gjørmete tur ned att.

Men etter både frieri og bryllaupsbilete utanom det vanlege, har ikkje Linn Fjæren og mannen nye planar som kan toppe dette.

– Nei, no trur eg vi skal roe litt ned, ler ho.

 Jørn Lund og Linn Fjæren
Foto: Arvid Fimreite
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.