Hopp til innhold

Gjekk i fakkeltog for ei lysande julegate

Med stor innsats frå både bygdelag, næringsliv og bygdefolket kunne alle i Gaupne vandre i ei julegate med lys i, men ei stund såg det mørkt ut.

Fakkel

STAS MED JULELYS OG JULEGATE: Elise, Oda og Mathea tykkjer det er kjekt og fint at dei har fått julegate med lys.

Foto: CHRISTIAN BLOM

Bygdelaget ville gjere desember lysare for alle i Gaupne i Luster, og då var ei lysande julegate tingen. Sjølve julelysa var på plass etter pengar frå næringslivet, men under monteringa støtte bygdelaget i Gaupne på eit problem

– Vi hadde sjekka korleis vi teknisk skulle løyse det elektriske ved juledekorasjonane. Det er nye reglar ved montering av lys som gjorde at vi måtte ha overspenningsvern og automatsikringar på kvar stolpe. Det vart ganske kostbart, og kom på 40 000 kr berre for montering, så det var eit skjær i sjøen, seier Anita Kjørlaug som er nestleiar i Gaupne Bygdalag.

Gjengen i bygdelaget samla seg til idémyldring.

– Vi tenkte på om vi skulle ha ei julegate utan lys, men det var ikkje det heilt store, ler Kjørlaug.

Starta kronerulling

Det gjekk etter kvart opp eit lys for bygdelaget. Kronerulling var tingen.

– Vi måtte jo berre prøve oss på det, og la ut ei melding på Facebook. Ganske tidleg fekk vi to viktige aktørar som tilbydde seg å ta kostnaden med å montere på dugnad. Dei monterte gatelysa og vi betalte for materialet.

Opning av julegate

LYSANDE IDÉ: Bygdalaget i Gaupne ville gjerne ha ei julegate med lys i til advent. Det ordna dei saman med næringsliv og bygdefolket. Nestleiar i bygdelaget, Anita Kjørlaug, er imponert over innsatsen.

Foto: CHRISTIAN BLOM

Responsen lét ikkje vente på seg. Både små og store, bedrifter og privatpersonar, lag og organisasjonar bidrog til kronerullinga med håp om å sjå lyset.

– Bygdefolket har støtta godt, både dei som bur her og dei utflytta. Nær 45 000 har vi samla inn. Dette hadde vi verkeleg ikkje drøymt om.

Første sundag i advent vart draum til verkelegheit då fakkeltoget i Gaupne kunne gå gjennom ei lysande julegate.

– Dugnadsinnsats frå både bygdelag, næringsliv og bygdefolk gjer at julegata i Gaupne lyser. Rett og slett heilt fantastisk, meiner Kjørlaug.

Julelys i gata

JULEGATE MED LYS I: Dette synet møtte fakkeltoget i Gaupne. No går bygdefolket ein lysare desember i møte.

Foto: CHRISTIAN BLOM

Del dine bilete med oss

Har du sjølv vore på opning av julegate eller på tenning av julegran i dag? Del det gjerne med oss.

Instagram: Merk bileta med emneknaggen #nrksf og ta gjerne med kvar biletet er teke. Då kjem du med i biletkartet vårt.
SMS: Send bilete via melding med kodeord SF og send til 1987
Facebook: Send oss bilete via Facebook-sida vår
E-post: Bruk e-post sf@nrk.no

Laster innhold, vennligst vent..