Hopp til innhold

Gjekk frå sølv til gull

Etter omrekning frå dommarane blei det tysdag morgon klart at det blei gull til Tonje Torvanger frå Sogndal og dei andre juniorane i kokke-OL. Meisterskapen i Erfurt i Tyskland blir avslutta i dag med buffet-tevling.

Juniorlandslaget, Norges Kokkemesteres Landsforening

GULLGJENGEN: Juniorlandslaget fekk vita at dei vann gull 06.30 i dag tidleg.

Foto: Ina Wesenberg

Først hadde me fått beskjed om at me fekk sølv i varmmat, men det viste seg at det var gjort nokre dommarfeil, seier Tonje Torvanger.

Torvanger er inne på kjøkkenet og pakkar klart utstyret som skal vera med i andre og siste konkurranse klokka 12.00.

– Me fekk ein returbeskjed i dag tidleg, så det var ein veldig god start på dagen. No er me klare til å gi alt i siste konkurranse.

Tonje Torvanger

FRÅ SOGNDAL: Tonje Torvanger jobbar til vanleg på Statholdergaarden i Oslo. No har ho vunne OL-gull.

Foto: Ina Wesenberg

Energibombe før siste konkurranse

– Du vaknar når du får ei slik melding. Du blir ganske gira, seier kaptein på juniorlandslaget, Christer Rødseth.

Det var han som fekk jobben med å seia ifrå til alle juniorane så fort dei vakna. Han fortel at det har vore nokre nervepirrande dagar sidan søndag, men legg til at det har blitt lekka litt resultat i helga også.

På evalueringa i går kom det fram nokre detaljar som gjorde at han reagerte.

– Men dette passar oss eigentleg veldig bra med tanke på at me skal ut i konkurranse igjen no i dag. Det er ein kjempeboost.

Rødseth fortel at dagens buffet-tevling er ei ny grein som dei aldri har gjort før, men at dei har fått sjå kva andre har gjort, og har hatt moglegheit til å læra.

GLAD GJENG

FANTASTISK KJENSLE: Kapteinen på juniorlandslaget (t.h.) fortel at det var ei sinnssjuk oppleving å vinna OL-gull.

Foto: PRIVAT / NKL - Norges Kokkemesteres Landsforening

– Såg ut som Formel 1

Torvanger og Rødseth seier at det var godt å få igjen for alt arbeidet dei legg ned på kjøkkenet.

– Dette har me jobba mot i over eit og eit halvt år. Me har som alle andre ein 100 % jobb, og ein kokkejobb er kanskje litt meir enn 100 %, seier Torvanger.

Ho fortel at dei samlast ei langhelg kvar månad, og øver mot konkurransar. I tillegg bruker dei fritida på å øva kvar for seg.

– Det å få gull på den konkurransen, den gjorde veldig godt, seier ho.

Tonje Torvanger i aksjon

I AKSJON: Tonje Torvanger på kjøkkenet.

Foto: Ina Wesenberg

I tillegg til gullet, har dei fått skryt for korleis dei jobbar saman på kjøkkenet.

– Under evalueringa i går fekk me beskjed om at me jobba så fint inne på kjøkkenet at det såg ut som Formel 1, fortel Rødseth.

Veit ikkje kor sterkt gullet er

– Gullet er på mellom 90 og 100 poeng, så me veit ikkje kor sterkt gullet vårt er, seier Torvanger.

Sjølv om ein får gull i begge konkurransane er det ikkje sikkert at ein får gull totalt, fortel ho. Det kjem an på kor sterke medaljane ein får er.

– Men det er iallfall ein god start, så må me gjera det bra i dag.