Ottar Starheim er død

Den fyrste distriktsredaktøren i NRK Sogn og Fjordane, Ottar Starheim, døydde fredag etter lengre tids sjukeleie.

Ottar Starheim og Fylkesleksikonet

GJEKK BORT: Ottar Starheim la mellom anna ned eit stort arbeid med fylkesleksikonet for Sogn og Fjordane.

Foto: Rune Fossum/NRK

Bodskapen om bortgangen til journalisten og redaktøren Ottar Starheim kom til NRK Sogn og Fjordane fredag ettermiddag. Han sovna stille inn, etter å ha kjempa mot kreft ein lang periode.

I 2010 pensjonerte han seg, men han fekk berre eitt godt år som pensjonist før han vart råka av leukemi. Klokka 14.45 gjekk han ut av tida, 66 år gamal, med den næraste familien rundt seg.

– Ei journalistisk kraft

Noverande distriktsredaktør, Rolf Sanne Gundersen, mottok bodskapen om bortgangen til Starheim med sorg.

Ottar Starheim

PÅ KONTORET: Ottar Starheim la ned svært mykje arbeid for NRK Sogn og Fjordane frå 1976 og fram til han gjekk av med pensjon i 2010.

Foto: NRK

– Ottar Starheim var ei journalistisk kraft i Sogn og Fjordane i mange år. Han var svært viktig for oss i NRK Sogn og Fjordane. Han var den første distriktsredaktøren og han har vore viktig for folk i fylket fordi han hadde stor interesse for historie, seier Sanne Gundersen.

Han trekkjer mellom anna fram Starheim sitt store prosjekt, Fylkesleksikonet på nett og i bokform.

– Der er jo NRK Sogn og Fjordane det einaste kontoret i landet som har hatt eit slikt tilbod, og mykje av arbeidet bak dette gjorde Ottar Starheim. Han har også fleire andre tunge prosjekt bak seg som har synt att. Han var verkeleg ein drivande, dyktig journalist og ein mangeårig redaktør, sler Sanne Gundersen fast.

(Artikkelen held fram under biletet)

Fylkesleksikonet, f.v. Kjell Arvid Stølen, Ottar Starheim og Ruth Munk Jensen

GODE KOLLEGER: Ottar Starheim ( i midten) var ein omtykt kollega og ven. Her saman med Kjell Arvid Stølen og Ruth Munk Jensen.

Foto: Rune Fossum/NRK

Tett samarbeid

Ein av dei som samarbeidde tett med Ottar Starheim i mange år er NRK-veteran Kjell Arvid Stølen. Stølen var kollega med Ottar Starheim frå 1978 til Starheim gjekk av med pensjon, han var mellom anna med på arbeidet med bokversjonen av Fylkesleksikonet, eit stort bokverk på fire bind, utgjeve i 2009.

– Ottar var eit oppkome av kunnskap, og det var utruleg inspirerande å få arbeide saman med han. Det arbeidet han har lagt ned er heilt uvurderleg, seier Stølen, som i dag sender varme tankar til den næraste familien.

Stølen trekkjer mellom anna og fram at Starheim etter at han slutta som distriktssjef gjorde ein formidabel innsats med først å reise Sogn og Fjordane på kryss og tvers og lage historiske program.

Krigshistorie

– Ikkje minst gjorde han banebrytande arbeid med å få fortalt viktige delar av krigshistoria før dei som hadde opplevd krigshendingane gjekk bort. Arbeidet med desse historiske programma avla ideen om eit fylkesleksikon på nett.

– Han var ein mann som ikkje brukte store ord om eigen innsats, og det var vanskeleg å få han frampå med til dømes portrettintervju. Men han var med rette stolt over det han hadde fått til.

Ottar Starheim var fødd i 1946 på Stårheim, men budde det meste av sitt vaksne liv i Førde. Før han vart ei drivkraft for å etablere NRK Sogn og Fjordane, var han og journalist i mellom anna Fjordenes Tidende og Verdens Gang. Frå 1978 til 1990 var han distriktsredaktør i NRK Sogn og Fjordane.

(Artikkelen held fram under biletet)

Mathias Stang og Ottar Starheim

VETERANAR: Ein ung Ottar Starheim, her saman med ein annan NRK-veteran, Mathias Stang.

Foto: NRK

Fekk prisar

Magni Øvrebotten, som overtok som distriktsredaktør etter Ottar Starheim i 1990, minnest han som ein av dei som verkeleg brann for fylket vårt.

– Eg vil hugse Ottar som ein grundertype. Han likte at det skjedde noko heile tida, og han stod på for det han jobba med og trudde på. Ikkje minst vil Fylkesleksikonet stå att som eit ljos for det arbeidet han la ned både for NRK og for fylket ellers, seier Øvrebotten.

Som samfunnsinteressert menneske var han og aktiv i ungdomslagsrørsla og i friviljug arbeid med idrettslag og Folkemusikkfestivalen i Førde.Som journalist fekk han tildelt Presseprisen for Sogn og Fjordane i 1999 og 2003.

– Vi kjem til å sakne Ottar, han døydde så alt for tidleg, seier distriktsredaktør Rolf Sanne Gundersen.