Hopp til innhold

Gjekk amok på utestad

Ein sunnmøring i 20-åra gjekk amok då han vart kasta ut frå ein utestad i Nordfjord i juli i år. No må han betale 8.000 kroner i bot. Mannen trua med å drepe vaktene og kasta solbriller og slippersar etter dei. Han velta også pyntegjenstandar og kasta rundt på jakkene til tilsette. Mannen har godteke bota.