NRK Meny
Normal

Gjekk amok med vald på russefest

Ein ung mann frå Sunnfjord måtte fraktast til sjukehus med skader etter at han blei utsett for blind vald frå to andre menn på russefest.

Mange russ var samla til fest på Sørstrand i Florø i april 2014, og den unge mannen var der saman med klassekameratane. Han gjekk for å urinere, og då han var ferdig blei han overfalt av to andre menn.

Dei slo han ned, før dei hoppa på han og sparka han i kroppen og hovudet medan han prøvde å beskytte seg.

Det endte opp med at mannen måtte fraktast til sjukehus med brot på trommehinna og sår på kropp i ansiktet og på kroppen. Han fekk nedsett hørsel og er framleis plaga med tinnitus etter den blinde valden.

No har Fjordane tingrett dømd ein av dei to valdsmennene til samfunnsteneste i 120 timar og til å betale ei erstatning på 25.000 kroner til offeret.

Han er også dømd for mellom anna kjøp og oppbevaring av narkotika, samt at han gjekk rundt med ein slosshanske.

Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå
Milliongåve til Redningsselskapet som takk for innsatsen